Regjeringa vil la helsestasjonane behandle barn for psykiske plager

Det går fram av ein strategi om psykisk helse som helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) la fram fredag. Heile sju departement står bak strategien som gjeld fram til 2022.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Helsesektoren spelar ein viktig rolle, men mange av verkemidla ligg i andre sektorar. Derfor vil regjeringa arbeide for at psykisk helse skal bli forankra betre i alle sektorar som har ansvar for verkemidla, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) i ei pressemelding.

Kvart femte barn

Sjølv om strategien handlar om psykisk helse gjennom heile livet, gir den spesiell merksemd til barn og unge. Det blir vist til at kvart femte barn eller ungdom har så store psykiske plager at det går utover korleis dei fungerer til dagleg.

I dag vil barn og unge med psykiske helseplager bli tilvist til fastlegen, ein kommunal teneste eller barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk.

Lettare tilgjengeleg

– Regjeringa vil likevel vurdere å utvide føremålet med helsestasjons- og skulehelsetenesta ytterlegare til også å inkludere behandling og oppfølging av barn og unge for både psykiske og somatiske tilstandar. Det vil kunne bidra til eit lettare tilgjengeleg behandlingstilbod i helsetenesta til barn og unge og gi meir effektiv ressursbruk, heiter det i strategien.

Regjeringa slår fast at det ikkje trengst å bli tilført ekstra middel for å gjennomføre tiltaka som er lista opp i strategien.

– Eventuelle nye tiltak som blir vurdert gjennomført, er føresett at dei blir fremma i ordinære budsjettprosessar, heiter det.