Kjærasteparet Cathrine og Sarah la ut på rundreise i Noreg for å utfordra seg sjølv i kampen mot angst og depresjon.

– Det er ofte eit helvete. Eg kjem aldri til å pynta på svaret. Nokre dagar går betre enn andre, og nokre opplevingar veg meir enn angsten, men han er alltid der og det er utruleg slitsamt, seier Cathrine Follnes frå Sandnes.

Saman med Sarah Andersen frå Vestfold og den fem år gamle bulldogen deira, Cohen, brukte ho sommaren 2016 på ei reise dei seint vil gløyma. Sjølv om begge slit med store psykiske utfordringar, valde dei å utfordra seg sjølv og møta frykta.

Ingen av dei hadde førarkort då dei i 2015 gjekk til spontaninnkjøp av ein gammal van frå 1973. I eit intervju med Byas fortel dei meir om starten på prosjektet, som fekk namnet «Nesten ikkje redd». Jentene la ut på ein fleire månadar lang Noregstur. Planen er å leggja ut på ein nye ekspedisjon i 2017.  

Gjennom blogg og Instagram deler dei opplevingane sine. Målet er å reisa, treffa nye folk, og ikkje la angsten styra så mykje av kvardagen.  


Livet som bubileigarar har absolutt sine positive augneblinkar. Foto: @nestenikkjeredd

LES OGSÅ: Psykisk helse er viktig – ta vare på kvarandre

Livet med angst
For Follnes var det å utfordra seg sjølv på denne måten eit viktig val.

– Eg hadde nådd eit punkt i livet der eg måtte la meg sjølv få lov til å prøva å leva, sjølv om eg ikkje klarer å ha ein vanleg jobb. Eg har følt at sidan eg ikkje klarer det, får eg ikkje «lov til» å få til andre ting heller. Det har hemma meg utruleg mykje, fortel ho.

Foreldra hennar gjekk bort i ungdomsåra, og etter det fekk ho utfordringar med posttraumatisk stressyndrom (PTSD) og kraftig angst. Å gå på skulen vart for vanskeleg, og sidan 19 års alderen har ho vore uføretrygda.

–  Sjølv om me ikkje får til å ha jobbar nå, er det ikkje sånn at me ønskjer å setja oss ned og gi etter for lidingane, sjølv om det også kan skje ufrivillig iblant, forklarar Andersen.

Ho har heile livet hatt problem med angst, dårleg sjølvtillit og depresjon.

– Eg har framleis ikkje funne ein måte å leva brukbart med dette på, noko som er ganske hardt. Det har hinda meg frå å takla skule, jobbar og visse sosiale settingar. I tillegg har det sett meg i ein situasjon kor eg, i ein alder av 30, ikkje får bidratt til samfunnet, seier Andersen.

LES OGSÅ: Dobling av unge uføretrygda

Oppturar og nedturar
Paret er einige om at det å vera open om angsten har forandra mykje. Cathrine Follnes fortel at prosjektet har letta litt på tyngda ein psykisk sjukdom fører med seg. Sarah Andersen er einig:

 – Me har opna ein kanal kor me har moglegheita til å dela det me ønskjer med omverda. Det kjennest faktisk litt enklare å takla angst og depresjon når ein snakkar om det, seier ho.

«Nesten ikkje redd»-prosjektet har betydd mykje for begge to, og dei har fått positiv respons. Eit av høgdepunkta var då dei var i Kristiansund og plutseleg vart bedne til å halde eit føredrag på eit senter for psykisk helse. Der forstod dei at «Nesten ikkje redd» faktisk kunne vera til inspirasjon for andre.

Men ekspedisjonen var ikkje berre ein stor opptur. Å gjennomføra eit slikt prosjekt når ein slit med psykisk sjukdom kan vera utfordrande.

– Det verste var jo at det gjorde så vondt. Alt har ein bismak av angst og det er vanskeleg å akseptera og hugsa på å ikkje la det ta alt fokuset, fortel Andersen.


– På toppen av sjukdommen må ein leva med at folk flest ikkje anar kva det dreier seg om. Det er enormt mykje kunnskapslaus «synsing» der ute når det kjem til psykisk helse, seier Cathrine Follnes. Foto: @nestenikkjeredd

Angst for livet
Til sommaren ventar fleire sprell, men i mellomtida prøver Follnes og Andersen å halda følgjarane oppdaterte på sosiale medium. Førre månad skreiv Follnes eit Facebook-innleggder ho rosar korleis psykisk helse har blitt løfta fram i media. Samstundes tek ho eit oppgjer med at forventningane til psykisk sjuke ikkje må bli så høge.    

–  Du treng ikkje bli invitert og gå på kjendisfest for å ha «fått det til». Du er like flink om du klarer å gå på butikken! Om du berre kjem halvvegs. Om du prøvde, men berre kom til døra. Så lenge du prøver. Ein gong i blant er det til og med greitt om du ikkje prøver, skriv ho.  

Det er ikkje sånn at alle blir friske. Sjølv reknar eg med å måtta leva med angsten resten av livet, forklarer 30-åringen.


Før jentene sitt ambisiøse prosjekt kunne starta måtte mange timars arbeid leggast ned, for å få bubilen, ein Hanomag Henschel 1973-modell, klar til Noregstur. Her isolerer Cathrine på innsida.   Foto:@nestenikkjeredd

Ser framover
Dei tykkjer det er vanskeleg å gi råd til andre som slit med psykiske utfordringar. Å prøva å snakka med nokon kan vere ein grei start.

For meg hjelpte det å vera open om sjukdommen og slutta å føla på skam, for det er verkeleg ingenting å skamma seg over. Og så er det ikkje så mykje anna å gjera enn å jobba med det, fortel Follnes.

Ein må utfordra seg sjølv, og prøva å pressa grensene litt lenger så ofte ein klarer, rår ho.  

– Kan de røpa litt av planane for 2017?

– Njaaa… me kan seia at det blir ein ny tur, men kva og kor er hemmeleg, seier jentene lurt.

LES OGSÅ: – Eg er trist altfor ofte, utan spesiell grunn


Reisa til Sarah Andersen (bildet) og Cathrine Follnes har berre såvidt starta. Foto: @nestenikkjeredd

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE