Ny rapport: For seint å bremse oppvarminga

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sveitsiske forskarar hevdar i ein ny rapport i magasinet Climatic Change at det allereie er for seint å hindre jorda å varme seg opp med meir enn 2 gradar, som Parisavtalen har som mål å unngå (sjå faktaboks).

Dette har dei funne ut ved å nytte seg av ein ny avansert datamodell, MERGE-ETL.

Løysinga dei har til problemet er noko dei kallar DAC (Direct Air Capture), ein teknologi som skal filtrere karbon direkte ut av lufta vi pustar og nytte oss av dette til å få planteliv til å gro, noko som vil føre med seg negative karbonutslepp.

Utan denne metoden vil det vere heilt umogleg å hindre oppvarming over 2 gradar, hevdar rapporten.

LES OGSÅ: Gjer ekstrèmvèret verre

Dette vil kome i tillegg til eit totalt skifte til fornybar energi og hydrogen, som òg er naudsynt for å kunne halde seg under målet.

Climeworks AG-fabrikken i Zurich, Sveits nyttar seg av ny teknologi for å filtrere CO2 frå lufta direkte. Foto: Climeworks.

Climeworks AG har ein fabrikk nær Zurich som kan fjerne 900 tonn CO2 frå lufta kvart år med filter og pumpar inn gassen til locale drivhus der grønsaker kan vekse. Mange slike fabrikkar må til, og teknologien betrast, før ein kan ha noko sjanse til å bremse oppvarminga.

Ei anna gruppe forskarar fann liknande resultat i førre månad, og gjer det klart at «klimafiksing» er det einaste som kan gjere oss i stand til å halde jorda mindre enn 2 gradar innan 2100.

LES OGSÅ: Noregs oljeplanar er på kollisjonskurs med Parisavtalen

LES OGSÅ: Trump trekkjer USA ut av Parisavtalen

Fakta

Parisavtalen er ein internasjonal klimaavtale som vart vedteke under klimatoppmøtet 12. desember 2015 i Paris. Avtalen vart signert av 175 land i New York 22. april 2016. USA trakk seg i 2017.

Mål: Bremse utsleppa globalt snøggast råd, med hovudvekt på å halde auka i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2°C sammenlikna med førindustrielt nivå, og å begrense temperaturauka til 1,5°C.

I andre halvdel av århundret er det eit mål om netto nullutslepp.

(Kjelde: Wikipedia)