FN: Klimaendringane gjer ekstremvêret verre
Menneskeskapte klimaendringar fører til at dødelege hetebølgjer, orkanar, tørke og flaum skjer både oftare og med høgare intensitet dei siste åra, vert det konstatert i ein ny FN-rapport.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gjer ekstrem-vêret verre
Meir enn 50 prosent av alle større ekstremvêrhendingar mellom 2011 og 2015 viser teikn på å vere konsekvensar av menneskeskapt global oppvarming, skriv Verdens Meteorologiske Organisasjon (WMO) i ein rapport frigitt på sidelinja av FNs klimakonferanse i Marrakech tysdag.
Dei siste fem åra markerer den varmaste femårsperioden registrert nokon gong, der 2014 og 2015 var dei to varmaste åra av alle.
– Og varmerekorden frå 2015 ligg an til å bli slått i 2016, seier generalsekretær for WMO, Petteri Taalas.
Den førebelse klimavurderingsrapporten til organisasjonen for 2016 vert gjort offentleg neste veke. (©NPK)
LES OGSÅ: Breane smeltar framføre augo våre