– Vi må slutte å leite etter olje og gass, konkluderer Naturvernforbundet etter å ha sett rapporten frå Oil Change International.
NPK-NTB
NPK-NTB

Klimatenketanken Oil Change International har utført eigne nasjonale studiar, og Noreg er første landet ut, skriv Dagbladet som har fått tilgang til rapporten.

I rapporten står det ifølgje avisa at Noregs utsleppskurs med foreslåtte og prosjekterte nye olje- og gassfelt ikkje er på linje med nivået av globale utsleppskutt som skal til for å nå klimamåla i Parisavtalen.

Silje Ask Lundberg etterlyser ei kontrollert utfasing av norsk olje- og gassindustri. Foto: Naturvernforbundet

Det kjem også fram at dei foreslåtte og prosjekterte felta vil føre til 150 prosent meir utslepp enn kva tilfellet er frå felt som er i drift i dag, og at Noreg er verdas sjuande største eksportør av utslepp.

– Dette betyr éin ting: Vi må slutte å leite etter olje og gass. Det er ingen som meiner vi skal skru igjen kranane i morgon, men å slutte å leite er det minste ein kan gjere, seier Naturvernforbundets leiar Silje Ask Lundberg til avisa.

Ho ber norske politikarar ta ansvar.

– Uansett kven som styrer landet etter valet, må dei sjå på korleis ein kan få til kontrollert utfasing, seier Lundberg.

Oppdatert: onsdag 9. august 2017 10.02

LES OGSÅ

ANNONSE