Rekordhøge søkartal på legeturnus – men berre halvparten fekk plass

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 22.08.2017 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noreg må ta ansvar for å utdanne sitt eige legebehov

– Noreg må ta ansvar for å utdanne sitt eige legebehov. Me har ein stor ressursbank av nyutdanna leger som berre ventar på å få bruke kompetansen sin. Desse må brukast, meiner leiar i NMF, Eivind Alexander Valestrand.

Valestrand fortel at i år har nærmare 2000 legestudentar søkt på 950 turnusstillingar. Talet på turnusplassar har stått stille dei siste åra, trass i ein stor mangel på både fastlegar og spesialistar i Noreg.

Det er antatt at Noreg treng 1100 spesialistar i året. For å nå dette legebehovet vil Norsk Medisinstudentforening (NMF) ha 150 fleire turnusstillingar i året.

I år blei det innført ny turnusordning, kalt LIS («Lege i spesialisering»; sjå faktaboks).

Uryddig tilsetting

Malin Bu Solgård (25) frå Stavanger var ferdig med medisinstudiane i Slovakia i vår. Ho søkte på rundt 15 LIS1-plassar, og fekk avslag på alle.

– Det er frustrerande å sitte med kunnskap og ikkje få bruke den. Eg synest det er sett for store krav til studentane, og heile ordninga har blitt ein flaskehals, seier Solgård.

Arbeidsgjevarar ser etter studentar som har arbeidserfaring som lege. Etter at legestudentar har fullført det femte året av utdanninga kan dei nemleg jobbe som lege med midlertidig lisens. Men det er få ledige plassar og vanskelege å få.

Malin Bu Solgård. Foto: Privat

– Det verkar som at alle som har jobba med midlertidig lisens får LIS-plass. Elles har eg inntrykk av at det er dei som har foreldre eller andre kjente innanfor som får, fortel ho.

Ein statusrapport med tilbakemeldingar frå dei som avslutta turnustenesten våren 2015 viser at at mange opplevde tilsettingsprosessen i turnusordninga som uryddig. Mange syntest at tilsettingskriteria var uklare og tilfeldige.

– Me opplever at det framleis er mykje som må forbetrast. Fleire rapporterer at kjennskap og venskap kan gi ein fordel i tilsettinga. I slike situasjonar vil openheit skape tryggleik om at arbeidsgivar har seriøse og grundige tilsettingsprosessar, seier Valestrand i NMF.

LES OGSÅKan nettprofilen din føre til at du ikkje får jobb?

Spesialistar rekruttert frå utlandet

I følgje ein artikkel frå Den Norske Legeforeningens tidsskrift har mangelen på legespesialistar ført til at Noreg må rekruttere spesialister frå andre land. Utanlandske legespesialistar på norske sjukehus har stige kraftig dei siste åra, og i 2014 var talet på over 20 prosent.

Eivind Alexander Valestrand. Foto: Norsk Medisinstudentforeining

– Det er på tide at politikarane prioriterer slik at me her i landet får ein tilfredsstillande legedekning. Det er meiningslaust ikkje å utnytte kompetente legar når pasientane står i kø for å få behandling, skriv artikkelforfattarane Daniel Chen Billdal og Turid Økland.

Også globalt er det mangel på legar. Verdens Helseorganisasjon anslår at innan 2030 vil det vere mangel på 18 millionar helsepersonell i verda.

Få unge vil bli fastlege

Samtidig er det utfordringer med å rekruttere nok fastlegar, no også i store byar som Stavanger og Trondheim.

– Det er noko feil der. Me veit ikkje heilt kva, men nokon utfordringar kan ligge i organiseringa. Både arbeidsmengda og arbeidsvilkåra må vurderst, meiner Valestrand.

Nokon unge fastlegar må ta opp lån for å kunne kjøpe pasientlistar. Viss dei er i ein etableringsfase der dei skal kjøpe hus og stifte familie, har dei kanskje ikkje moglegheit til å ta slike lån.

Fastlegeordinga må evaluerast for å finne ut korleis me kan gjere det enklare å bli fastlege, meinar NMF-leiaren.

FÅ OGSÅ MED DEG: Fleire unge går til legen

LIS-ordninga

  • LIS står for lege i spesialisering og består av tre trinn: LIS1 til LIS3. LIS1 liknar den gamle turnusordninga.
  • Den gamle turnusordninga var ein avsluttande del av legestudiet der studentane fekk autorisasjon. No kan studentane få autorisering rett etter endt studie og starte spesialistutdanninga.
  • LIS-stillinga erstattar den tidlegare assistentlege-stillinga.