Kan nettprofilen din føre til at du ikkje får jobb?

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 14.06.2017 22:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Din nettprofil kan ha stor betyding for kva slags inntrykk ein mogleg framtidig arbeidsgivar får av deg, og kan i beste/verste fall vera avgjerande for om du får ein jobb eller ei, skriv ho i ei pressmelding til NTB.

Ifølgje Valseth har du som jobbsøkjar to rettar å støtte deg på; diskrimineringslova (sjå faktaboks) og saklegheitsprinsippet.

– For eksempel skal ikkje din religion vera avgjerande for om du får ein jobb, så sant det ikkje er ein stilling i en religiøs institusjon – då blir religion relevant, forklarar Valseth.

Ho påpeiker at jamfør med saklegheitsprinsippet er det likevel lov å leggje vekt på ekstreme ytringar som ein del av personlige eigenskapar.

– Det er fullt lovleg å tilsetje nokon som sannsynlegvis vil passe inn i arbeidsmiljøet, og som ein trur vil bidra positivt. At du offentleg kommuniserer på ein måte som opplevast tendensiøs og ufin, kan ein på sakleg grunnlag legge vekt på.

Valseth oppfordrar jobbsøkarar å vera bevisst på korleis offentlege ytringar kan påverke ein potensiell arbeidsgivars inntrykk av deg.

LES OGSÅ: Dette er framtidas yrker

Direktør i Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening (AAF) Astrid Driva Rødsand seier dei rådar deira medlemsføretak frå å bruke internett til å innhente informasjon ved tilsetjing.

– Dette er fordi det er vanskeleg å sjå bort frå eventuell sensitiv informasjon ein måtte kome over under søket, og fordi informasjonen på nett ikkje kan kvalitetssikras, fortel Rødsand.

Å unngå internett som informasjonskjelde er eit av punkta på AAFs sjekkliste for tilsetjingsprosessar. Der står det at informasjon om etnisitet, fagforeningstilknyting, seksuell orientering, politisk-, filosofisk- eller religiøst ståstad er ulovleg. Det er heller ikkje lov å spørje kandidaten som graviditet eller adopsjon. Dersom det oppstår mistanke om diskriminering er det arbeidsgivaren som har bevisbyrda.

FÅ OGSÅ MED DEG: Hatefulle ytringar er eit stort problem på sosiale media. Bør ytringsfridomen regulerast sjølv når det kan føre til vald?

Diskrimineringslova

Diskrimineringslova skal beskytte mot diskriminering i tilsetjingsprosessen basert på:

  • alder
  • etnisitet
  • kjønn
  • legning
  • medlemskap i arbeidstakarorganisasjon
  • nedsett funksjonsevne
  • politisk syn
  • religion
  • språk

(Kjelde: Silje H. Valseth, Adecco)