– Ivar Aasen er på ein måte vår Che Guevara. Men han stod ikkje bak ein revolusjon som i etterkant førte til diktatur og massedød. Aasens arbeid førte for det meste til frigjering og fred, seier nestleiar i Noregs Mållag og nyleg prislønt journalist i Klassekampen, Jens Kihl, ifølgje avisa Møre.

Orda fall på eit møte i Volda i høve fødselsdagen til Aasen 5. august, der rappar Runar Gudnason og direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, sat i same panelet.
Alle var einige om at Ivar Aasen er eit førebilete, skal me tru Møre.
– Han er ein helt for meg, seier Gudnason, som meiner at det Aasen gjorde for å skape landsmålet er ei intellektuell bedrift som nesten manglar sidestykke i Noreg, sa han.
Må kunne kjøpe sveler på nynorsk
Panelet trekte fram nynorsk i riksmedia, vaksenopplæring for innvandrarar, og nynorsk på ferjene og Netflix vart trekt fram som viktige saker for nynorsk framover.
– Unge må sjå at nynorsk er eit språk som faktisk fungerer i kvardagen. Dei må kunne kjøpe ei svele på ferja på språket sitt. Det er desse små tinga som vi ser og brukar i kvardagen som er sentrale for nynorskens framtid, sa Gudnason.
Oppdatering 12.08: Me legg ved denne tilbakemeldinga frå ein lesar på Twitter.
Her vantar eit Aasen-vers um diktatur i namnet åt fridomen. https://t.co/Rkd1Cf5An6 @MartinArseth @jenskihl @Framtida pic.twitter.com/q2rMI0daWw
— Ole Jakob Totland (@OleNeikopp) 11. august 2017