Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er litt moro å skriva eit språk som tydelegvis er så farleg at redaktørane i dei fleste storavisene ser seg nøydde til å forby det på redaksjonell plass.

Det sa Klassekampen-journalist Jens Kihl i takketalen sin då han tok imot Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar under Dei nynorske festspela fredag, ifølgje ei pressemelding frå NRK Nynorsk mediesenter. Den politiske journalisten nytta høvet til å langa ut mot språkpolitikken i fleirtalet i riksavisene:

– Det er heilt fantastisk at redaktør Gard Steiro har oppheva forbodet i VG. Det utdaterte, pinlege og trongsynte nynorskforbodet i Dagbladet, Aftenposten, Dagens Næringsliv og mange, mange andre riksaviser gjer minst to ting: Noreg lir eit kulturelt tap. Og sjefen min kan vere trygg på at eg ikkje søkjer meg til ein større redaksjon med det fyrste, sa Kihl vidare, til latter frå salen.

Held fram med nynorsk

Kihl deler årets pris med Klassekampen-kollega Guri Kulås. Dei fekk kvart sitt Oddvar Torsheim-trykk, diplom og 25.000 kroner.

Kulås sa i sin takketale at ho ser prisen som ein symbolsk stønad til kulturell rikdom og minoritetsrettar.

– Skal nynorsk ha ei framtid, kan me ikkje slutta å utfordre vanen og reservattenkinga hjå majoriteten og oss sjølve. Eg skal halda fram med det frå mi tuve i medieverda, ved å skriva filmmeldingar på nynorsk, sa kulturjournalisten.

Skryt til Klassekampen

Begge prisvinnarane skrytte av arbeidsgivaren sin, som har gitt dei rom til å skriva nynorsk. Det same gjorde prisjuryen då dei gav prisen til dei to journalistane.

– Klassekampen aukar opplaget, samstundes som avisa har vore leiande i å bruke nynorsk, som ei av få riksaviser. Årets tildeling er dermed òg ein flik av heider til ei riksavis som har gått føre i å vise at vi kan skrive om alt på nynorsk, skreiv juryen i si grunngiving.

LES MEIR: Klassekampen-journalistar får nynorskpris