Kvifor så alvorleg?

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskbrukarar har mange grunnar til å smila om dagen: Mållaget set medlemsrekord, det blir fleire nynorskelevar i skulen, tabloidaviser opnar for nynorsk, fleire og fleire kommunar lærer innvandrarar nynorsk, og det blir stadig gitt ut rasande mange gode nynorske bøker.

Difor er det litt trist at nynorskens far, Ivar Aasen, alltid ser så alvorleg ut på bileta. Andletet hans ser ut til å vera designa for surmuling og syrleg sarkasme heller enn jubel og glede.

Heldigvis har det teknologiske framsteget no gitt oss verktøy til å gjera noko med dette. Me har testa om den nye appen FaceApp, som analyserer og manipulerer andlet i bilete, kan få fram eit smil hos gamle Ivar. (Les meir om FaceApp hos Business Insider.)

Ved første forsøk blei ikkje resultatet så oppmuntrande som me hadde håpa på:

aasensurogglad1aasenglad2

Me skundar oss og prøver igjen, med eit anna bilete:

aasensurogglad2
aasenglad3

Der, ja! Når Ivar er glad, kan me alle vera glade.

LES OGSÅ: Ivar Aasen var ein slu strateg, seier biograf Ottar Grepstad