4 av 10 opplever trakassering på nett
4 av 10 jenter under 16 år har fått uønska seksuelle kommentarar på nett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Medietilsynets undersøking om barn og medier 2016 er lansert. Rapportane undersøker 9- til 16-åringars tankar og forhold til media, og kva foreldre tenkjer om barns mediebruk.
LES OGSÅ: Denne boka burde nettmobbarane lese
Blant funna er at skulane er meir på bana når det kjem til nettvett, at sosiale medium veks også for dei yngste, og at fleire deler nakenbilete.
Nærare 1 av 10 unge mellom 13 og 16 år har sendt nakenbilete av seg sjølv, mot 5 prosent i 2012. Dei fleste jenter sender nakenbilete av seg sjølv til kjærasten sin, medan gutane først og fremst sender til ei jente som er ein ven.
Eit anna funn er at jenter i 16-årsalderen er mest utsatt for seksuell trakassering på nett. 40 prosent av dei 16 år gamle jentene hadde fått uønska seksuelle kommentarar på nett det siste året, mot 13 prosent av gutane, heiter det på Medietilsynets sider.
LES OGSÅ: Nettplaging kan vera kriminelt