Nytt verktøy skal hjelpe dei som har kryssa andre sine grenser: – Her har Noreg ein lang veg å gå

Det nye verktøyet Vibe Check skal hjelpe unge som er redde for at dei har begått overgrep. Det meiner SNU-leiar Hanne Gustavsen er bra.

Einar Nygaard
Publisert

«Usikker på om du har kryssa ei grense? Skada eg nokon? Var det samtykke? Er eg ein overgripar?»

Dette er nokre av spørsmåla du blir møtt med om du nyttar det nye verktøyet Vibe Check, som blei lansert tidlegare i år av den amerikanske ideelle organisasjonen SafeBAE (Before Anything Else).

Hanne Gustavsen (25) er leiar i SNU.

Vibe Check er eit verktøy som skal hjelpe dei som trur dei har kryssa andre sine grenser. Ein kan klikke seg gjennom menneskelaga alternativ og få råd undervegs.

– Alle verktøy som styrkar unge til å ta betre val og gi meir informasjon, er fine, skriv Hanne Gustavsen, leiar i Seksualpolitisk nettverk for ungdom (SNU), på e-post til Framtida.

Stigmatiserer ikkje

Slik ser det ut når ein nyttar Vibe Check. Skjermdump frå SafeBAE.

«Vi er ikkje her for å dømme deg. Vi er her for å hjelpe deg med å senke tempoet, lære og ta tryggare val vidare», står det på nettsida.

Gustavsen i SNU seier verktøyet legg ansvaret på den som utøver handlinga.

– Verktøyet ansvarleggjer difor utan å stigmatisere. Vi heiar på alle tiltak som legg ansvaret der det høyrer heime, skriv ho.

Gustavsen meiner alle tiltak som kan forhindre valdtekt er nyttige, og viser til at ei av fem kvinner i Noreg opplever minst éi valdtekt i løpet av livet.

Best med menneskelege råd

Fleire unge går no til kunstig intelligens (KI) for helseråd, sjølv om KI ofte berre gir deg dei svara du vil høyre.

Vibe Check finn du ressursar og interaktive verktøy, og underkategoriar som «lære», «hindre at det skjer igjen», «fikse» og «endre tankegang».

I eit av verktøya kan ein lære om samtykke. Skjermdump frå SafeBAE.

Gustavsen meiner det er positivt at verktøy som Vibe Check blir utvikla og skrivne av menneske.

– Sjølvsagt er menneskelege råd best i denne situasjonen, og her har Noreg ein lang veg å gå. Vi veit at unge i større og større grad pratar med chatbots og KI med omsyn til seksuell helse. Difor er det fint at det er eit kunnskapsbasert verktøy utvikla av unge.

Gustavsen peikar på at dette er eit omfattande felt.

– All støtte dei unge kan få gjennom diverse plattformer og verktøy meiner vi er positiv.

 

Snakk med trygge omsorgspersonar

Gustavsen i SNU ønskjer seg ei styrkt seksualundervisning, betre digitale ferdigheiter, og opplæring i kjeldekritikk i skulen.

Ho synest det kunne vore bra med eit liknande verktøy på norsk.

– Dette er eit fint verktøy som kunne supplert for eksempel ung.no.

Om ein trur ein har kryssa andre sine grenser, seier SNU-leiaren ein kan teste Vibe Check.

– Eller så vil vi alltid anbefale å snakke med trygge omsorgspersonar. Til dømes eit Nok-senter (hjelpetilbud mot seksuelle overgrep, red. mrk.), skulehelsetenesta, lærarar, føresette eller andre trygge vaksne personar.

Har du eller nokon du kjenner blitt utsett for overgrep? Då kan du ringe Vald- og overgrepslinja på 116 006.