Australia: 19-åring tiltalt for deepfake-porno
Den unge mannen har erklært seg skuldig i landets første deepfake-rettssak.
Ein 19 år gammal mann i Australia er den første i landet som blir tiltalt for å lage deepfake-porno. Lova har ei strafferamme på sju år i fengsel.
Den nye lova forbyr manipulering av seksuelle bilete. Såkalla deepfake-porno vert ofte laga med kunstig intelligens og råkar i stor grad kvinner og jenter.
Mannen innrømma i retten å ha skapt seksuelt biletmateriale utan samtykke. Han har også spreidd bileta på fleire X-kontoar.
Deepfakes
Eit «deepfake» er eit falskt bilete, video, lydopptak eller andre forfalska representasjonar som er skapt ved hjelp av kunstig intelligens.
Deepfakes består ofte av politikarar, kjente personar eller falskt pornografisk materiale.
Programma som vert brukte til å lage deepfakes, nyttar såkalla deep learning, som er opphavet til uttrykket. Til dømes kan programmet lære ansiktstrekka til ein person frå alle vinklar, slik at det vert skapt ein simulering av ansiktet. Dette kan brukast til å skape nye, falske framstillingar av personen.
Kjelde: Store norske leksikon
Internett-tilsynet i Australia har åtvara mot auken av KI-manipulert materiale. Dei har kjempa for å bannlyse appar som lagar falske nakenbilete av menneske.
Ifølge ein rådgivar til parlamentet utgjer pornografiske videoar 98 prosent av deepfake-materiale på nett, og 99 prosent av dei bileta er av kvinner og jenter.
- Les også: Korleis oppdagar du ein deepfake?
Fem år i fengsel
Fleire andre land har innført liknande lovar. I USA vart nyleg ein 37 år gammal mann frå Ohio den første som vart sikta etter ei føderal lov for å publisere KI-genererte seksuelle bilete. Han innrømma mellom anna å ha produsert bilete av seksuelle overgrep mot born.
I Storbritannia vart ein 26 år gammal mann i fjor dømt til fengsel i fem år for å lage deepfake-porno av kvinner han kjente, og å publisere dei i eit valdtektsforum. 20 kvinner skal ha vore råka i 173 innlegg.
Norsk lov på veg
Noreg har inga eiga lov som regulerer deepfake-pornografi, men Stortinget har vedteke at det skal greiast ut nye lover som gjer det ulovleg å både generere og spreie slike bilete. Innan då kan eksisterande lovverk kanskje brukast i retten. Mellom anna regulerer straffeloven § 267 deling av bilete som er krenkande eller privat, til dømes av seksualliv.
KI-verktøyet Grok, som er knytt til X, har fått mykje kritikk for å generere nakenbilete av ekte menneske, deriblant born. Det fekk styresmaktene i Storbritannia til å truge med å blokkere X i landet. No er EU i gang med å forby KI-tenester som kan generere seksualiserte deepfake-bilete av ekte menneske.







