Folkehelseinstituttet vil behandle søvnproblem på nett

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar frå Folkehelseinstituttet, Universitetet i Bergen og Universitetet i Virginia i USA har testa sjølvhjelpsprogrammet og funne det effektivt i behandlinga av kronisk insomni, ifølgje Dagbladet.

– Søvnvanskar er mykje vanlegare enn ein gjerne trur. Det har også blitt eit aukande folkehelseproblem, seier seniorforskar og søvnspesialist Børge Sivertsen ved FHI.

LES OGSÅ: Unge vaksne slit meir med søvnen

Han seier håpet er å gjere eit seksvekers behandlingsopplegg over internett til eit gratis helsetilbod til alle i Noreg om kort tid. Fordi programmet er utan kontakt med terapeut eller anna behandlingsapparat, er det ekstremt økonomisk.

I tillegg er det mykje pengar å spare. Ifølgje FHI viser norske studiar at søvnmangel kostar samfunnet omtrent sju-åtte milliardar kroner årleg, blant anna fordi det fører til sjukmelding og uføretrygding.

Delen vaksne med søvnproblem har auka frå 10 til 15 prosent på ti år, mens kvar tredje ungdom slit med søvnen. Den vanlegaste behandlinga no er sovemedisinar, der tal frå Reseptregisteret viser at 430.000 brukte reseptpliktig sovemedisin i 2016.

FÅ OGSÅ MED DEG: Søvn styrkar minnet