Denne studenten blei nekta eksamen på nynorsk

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På eksamensdagen såg eg at eksamen likevel var på bokmål. Då eg gav beskjed fekk eg til svar, «velkommen til verkelegheita, det er slik det fungerer», fortel Rune Holsen Nygård (20) frå Florø.

Han er student ved Noregs Miljø- og Biovitskaplege Universitet (NMBU) på Ås, og tok faget Innføring i bedriftsøkonomi. Han hadde hørt frå tidlegare studentar at dei ikkje hadde fått nynorsk oppgåvetekst i same fag, og gjekk difor til emneansvarleg i forkant av prøva for å forsikre seg om rett målform. Emneansvarleg meinte det ikkje var gunstig å omsette faglege ord og uttrykk.

Nygård har meldt saka vidare til Noregs Mållag og Språkrådet.

Seksjonssjef i Språkrådet Kristin Solbjør er kjent med saka, og bekreftar at Språkrådet kjem til å følgje opp saka.

– Eg meiner det er respektlaust å ikkje følgje opp studentens ynskje, og Språkrådet skal gjera NMBU oppmerksam på at det er eit lovbrot, seier Solbjør.

Rektor ved NMBU Mari Sundli Tveit ber om orsak.

– Alle eksamensoppgåver skal vere på begge målformer. Slike situasjonar skal ikkje skje, og saka vert følgt opp, seier Tveit. Førre veke deltok ho på eit møte om målbruken ved NMBU med blant andre Ås Mållag og Studentmållaget på Ås. Tveit forsikra om at saka ville bli tatt opp med dekan og den aktuelle læraren. Ho la ut dette biletet på Instagram i etterkant av møtet.

LES OGSÅ: Utdanningsdirektoratet beklagar eksamensglipp