Utdanningsdirektoratet beklagar eksamensglipp

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Poenget med eksamensforma er at alle skal få moglegheita til å bli vurdert på same grunnlag, men det er ikkje mogleg når det er skilnad på oppgåvetekstane, meiner Anna Sofie Ekeland Valvatne (19) frå Stord.

Ho var ein av dei som tok eksamenen i norsk hovudmål, og skreiv eit innlegg der ho meiner at Utdanningsdirektoratet (Udir) ikkje er til å stole på.

Les innlegget hennar her.

– Det er ikkje første gong dette skjer. Udir gjer ikkje jobben sin når dei gong på gong gjer feil i oppgåveteksten på nynorsk. Det er ikkje rettferdig, seier Valvatne.

LES OGSÅ: Fekk eksamen på tulle-nynorsk

Leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre meiner det er hårreisande at feilen ikkje blei oppdaga før sjølve eksamensdagen.

– Å få eksamen på eige språk er ein heilt grunnleggjande rett, og me kan ikkje godta at Udir trakkar på denne retten. Det vart særleg alvorleg når det går ut over dei som allereie er i mindretal, seier ho.

Udir beklagar feilen og er lei for at nokre eleva vart uroa på eksamensdagen.

– Dette året var me ikkje nøye nok med den aller siste korrekturen, og det beklagar me. Me har teke det opp med sensorane, og det vil ikkje gå ut over elevane i vurderinga, seier avdelingsdirektør Hedda Birgitte Huse.

Ho fortel at eksamensoppgåvene blir kvalitetssikra i fleire omgangar, både av direktoratet og av eksterne ekspertar. Språkkonsulentar omset til nynorsk og fagkonsulentar som ser på innhaldet.

Huse understrek at eksamensbesvarelsen vil bli vurdert ut frå korleis spørsmålet var formulert i den målforma eleven har brukt.

– Dei foreløpige tilbakemeldingane frå sensorane tyder på at elevane har svart godt på oppgåvene, legg ho til.

LES OGSÅ: «Skam» og flyktningkrise på norskeksamen

Desse formuleringane reagerte elevane på

Eksamen i norsk hovudmål

 

Bokmål:  Du skal bruke konkrete eksempler fra tekstvedleggene når du sammenligner. Du skal skrive omtrent like mye om hver tekst. Når du plasserer tekstene i en kulturhistorisk sammenheng, skal du vise kunnskap om tiden tekstene er skrevet i.

 

Nynorsk:  Du skal samanlikne både form og innhald og bruke konkrete eksempel frå tekstvedlegga. Når du plasserer tekstane i ein kulturhistorisk samanheng, skal du vise kunnskap om tida tekstane er skrivne i.

 

 

Eksamen i Politikk og Menneskerettar

 

Bokmål: Drøft utfordringer knyttet til nasjonalstatenes og andre aktørers rolle og muligheter til å håndtere internasjonale utfordringer, som for eksempel flyktningkrisen.

 

Nynorsk: Drøft utfordringar for nasjonalstatane og andre aktørar når det gjeld å handtere internasjonale utfordringar, som for eksempel flyktningkrisa.