mm

Stortinget vedtok i dag å greie ut om retten til opplæring på eige språk skal utvidast til også å gjelde elevar i ungdomsskulen.

– Det er veldig viktig at Stortinget no har vedteke å greie ut språkdelt ungdomsskule. I dag er det mange elevar som har hatt nynorsk på barneskulen som berre får tilbod om bokmålsopplæring når dei byrjar på ungdomsskulen. Erfaringane frå mellom anna Odda syner at språkdelt ungdomsskule hindrar fråfall frå nynorsken, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Siger for nynorsken
Fram til no er det berre elevar i barneskulen som er sikra retten til opplæring på eige språk. Med dette vedtaket ligg det til rette for at også elevar på ungdomsskulen skal vere sikra denne retten.

– Dette er ein siger for nynorsken. Stortinget har med dette sett at nynorsken er truga og er bekymra for at for mange elevar ikkje får tilbod om nynorsk på ungdomsskulen. No skal ein greie ut om retten til opplæring på eiga målform også for elevar på ungdomsskulen. Det betyr at vi er på god veg mot ein betre skulekvardag for nynorskelevane, seier Kjersti Toppe (bildet), stortingsrepresentant for Senterpartiet, som saman med Arbeiderpartiet, KrF, Venstre og SV, kom med framlegget.

– Til kjernen av det ein må gjera
Kunnskapsministeren har opplyst at han vil greie ut behovet for, og kostnaden ved, å innføre ei nasjonal ordning tilsvarande Odda-modellen i løpet av våren 2017.

Han sa mellom anna dette på Stortinget:

– Ein går til kjernen av det ein må gjera for å oppretthalda to målformer her i Noreg. Eg trur representanten har heilt rett i at problemstillinga er målbyte. Det er veldig veldig få som byter andre vegen, frå bokmål til nynorsk, uavhengig av fleire tiår med sidemål. Så viss ein skal oppretthalda nynorskdelen, så må ein hindra målbyte. Det Odda har gjort er bra og ein klok måte å gjera det på. Så er det eit anna spørsmål om ein skal endra reglane nasjonalt. Det kjem òg an på kommunane sine høve til å organisera seg og ha ein viss fridom, sa han.

Gjeld fleire kommunar
Det er mellom 40 og 50 kommunar i Noreg i dag med ungdomsskular der det kan vere aktuelt å språkdele elevane. Her er talet på nynorskelevar så stort at dei etter lova ville ha rett til å gå i ei eiga elevgruppe om dagens ordning også omfatta 8.-10. klasse.

I vedtaket i dag står det: «Stortinget ber regjeringa utreie ei endring av opplæringslova § 2-5 og andre moglege tiltak som kan sikra elevar på ungdomsskulen rett til opplæring på hovudmålet og rett til å høyra til ei eiga målformgruppe, og kome tilbake til Stortinget på eigna måte».

I Opplæringslova § 2-5 heiter det: Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å høyre til ei eiga elevgruppe. Denne retten gjeld ikkje for elevar på 8-10 årstrinn.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.13

Kommentarar

ANNONSE