– Vi har ikkje forhandla vekk nynorsken som administrasjonsspråk for ein ny Vestlandsregion, seier fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane.

NPK-Margunn Sundfjord
NPK-Margunn Sundfjord

– Vi har ikkje bøygd oss for noko som helst. Det einaste vi har skrive inn i intensjonsavtalen, handlar om nynorsk. Der står det at nynorsk har vore og er ein viktig del av vestlandsidentiteten. Det skal vi byggja vidare på, seier Følling til Nynorsk pressekontor.

Etter at fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland torsdag signerte ein intensjonsavtale om å slå seg saman til Vestlandsregionen frå 2020, har det kome sterke reaksjonar på at avtalen ikkje seier noko om administrasjonsmålet i den nye regionen, og at nynorsken er svekt. Følling tilbakeviser kritikken.

– Uheldig framstilling
– Eg ser dette har fått ei svært uheldig framstilling. Vi føler nynorsken er godt teken vare på når vi har skrive at det skal vera ein viktig del av identiteten vår. Nynorsken er slett ikkje forhandla vekk, men vi har ikkje gått djupare i forhandlingane no. Det var mange andre krevjande punkt som måtte settlast, og som var avgjerande før vi i det heile kunne skriva under ein intensjonsavtale, forklarer fylkesordføraren.

– Kva seier du til dei som meiner at posisjonen til nynorsken burde vore endå sterkare formulert og at det er fare for at Vestlandsregionen kan bli ein språknøytral region?

– Vi har ikkje skrive noko om språknøytral, men tvert imot streka under at nynorsk er ein viktig del av identiteten vår. Det blir retningsgjevande for dei som no skal arbeida vidare med dette.

BAKGRUNN: Mogleg storfylke utan nynorsk

Fellesnemnd følgjer opp
Ho fortel at ei fellesnemnd sett saman av representantar frå dei tre fylkeskommunane no skal forma ut den endelege avtalen, og at dette med administrasjonsspråk er noko ein kjem tilbake til der. Slik Følling ser det, er det gode moglegheiter til å koma fram til ei god språkleg ordning viss ein vel å gå vidare med ein Vestlandsregion.

Nemnda som skal forma ut den endelege avtalen får ifølgje Følling sju representantar frå Sogn og Fjordane, tolv frå Hordaland og elleve frå Rogaland.

– Det er ikkje tvil om at både Hordaland og Sogn og Fjordane ønskjer seg nynorsk, og realiteten er at nynorsk står svært sterkt i intensjonsavtalen, meiner fylkesordføraren i Sogn og Fjordane.

Les om reaksjonane som kom frå mellom andre Norsk Målungdom i går: Ingen nynorsk – inga avtale

Vil kjempa for nynorsk
– Norsk Målungdom er ein av dei som går lengst i kritikken, og meiner Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune må stilla eit ultimatum og trekkja seg viss ikkje nynorsk blir administrasjonsspråk i intensjonsavtalen for ein ny Vestlandsregion. Kva kommentar har du til det?

– Eg vil ikkje diskutera på det planet. Det er ikkje der vi er no. Det kjem vi tilbake til seinare. Vi har settla eit godt prinsipp om nynorsk i avtalen, og eg kjem til å kjempa for nynorsk, seier Jenny Følling.

Også fylkesordførar i Hordaland, Anne-Gine Hestetun, avviser at det er snakk om politisk hestehandel når det så langt ikkje er sagt noko meir om kva målform den nye vestlandsregionen skal ha. Ho seier til NRK at ho har kjempa målkampen i forhandlingane med Rogaland, og at spørsmålet om målform i den nye regionen enno ikkje er teke stilling til.

– Det blir heilt sikkert gode diskusjonar rundt dette framover. Det er lokale skilnader i kultur og språkform mellom dei tre fylka, og det er me nøydde til å respektera, seier ho.

Les også debattinnlegget til KrF-politikar Tore Storehaug (24) i Sogn og Fjordane: Om ikkje Vestlandet skal bruka nynorsk, kven skal då gjere det?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.12

LES OGSÅ

ANNONSE