Språket mitt er ikkje unaturleg, Tengesdal!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rogaland si framferd i fylkesforhandlingane skuffar oss som skriv nynorsk stort. Om ikkje Vestlandet skal bruka nynorsk, kven skal då gjere det?

I dag blei ei skisse for nytt vestlandsfylke frå 2020 lagt fram, der har dei to nynorsk-fylka Sogn og Fjordane og Hordaland latt seg presse av språknøytrale Rogaland til å ha eit nøytralt administrasjonsspråk. Rogaland si framferd er å abdisere den unike språkarven til Vestlandet. Vi kan ikkje la det vere opp til nynorskbrukarane i Oppland og Telemark å forsvare språket vårt si stilling!

I NRK si omtale av saka grunngir fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal (KrF) dette med å seie at det er «unaturleg [for oss i Rogaland] om nynorsk skal vere hovudspråket». Dette seier altså ordføraren i eit fylke der 11 av 26 kommunar er nynorskommunar og berre 2 har vedtak om bokmål. Om ein ser på det totale biletet i eit nytt fylke vil ein ha 85 kommunar, av desse vil 67 ha nynorsk målvedtak, 15 vere nøytrale og 3 kommunar har gjort vedtak om bokmål.

For å seie det på så tydeleg KrFsk og så tydeleg nynorsk som eg berre kan siterer eg Kjell Bondevik som representerte KrF frå Rogaland: Eg er djupt såra og vonbroten.

Innlegget vart fyrst publisert på Storehaug si Facebook-side.

BAKGRUNN: I dag kom nyhenda om at det nye storfylket på Vestlandet truleg kjem til å ha bokmål som hovudspråk.