Norsk Målungdom jublar over at Samordna opptak lovar nynorsk-betring neste år.

mm

Alle som har fullført norsk vidaregåande skule etter 2000, har vitnemålet sitt lagra elektronisk i Nasjonal vitnemålsdatabase, til bruk i søknader til høgre utdanning gjennom Samordna opptak. Faga og karakterane er dei same som på vitnemålet du fekk i prega papir frå skulen – men det gjeld ikkje nødvendigvis språket.

Til no har alle fått det elektroniske vitnemålet sitt på bokmål, sjølv om dei har hatt nynorsk som hovudmål. Neste år blir det endra, etter at Norsk målungdom sa frå. 

LES OGSÅ: Endeleg! Mobiltastatur på nynorsk

Fråsegn blir tatt til følgje
– Før søknadsfristane til høgare utdanning fekk me fleire innspel frå medlemar og andre om at dei elektroniske vitnemåla deira frå vidaregåande var på bokmål i Samordna opptak sin søknadsportal. Dette gjaldt òg om dei tidlegare VGS-elevane før hadde fått vitnemål på nynorsk i papirform, skriv Fredrik Hope, nestleiar i Norsk målungdom, i ein epost til Framtida.

Innspela førte til at landsstyret i NMU vedtok ei fråsegn på møtet sitt i mai og kravde at dei elektroniske vitnemåla skulle bli tilgjengelege på begge målformene. No har dei alt blitt høyrt:

Når søknadsskjemaet til høgre utdanning opnar neste år, skal søkarane etter planen få sjå vitnemålet sitt på eiga målform, stadfestar seniorrådgjevar Natasha Harkness i Felles studieadministrativt tenestesenter (FSAT). FSAT driftar Samordna opptak og Nasjonal vitnemålsdatabase. Dei hadde ikkje diskutert problemstillinga før NMU tok kontakt i vår, men lovar no å ta grep.

LES OGSÅ: Kampen for nynorsk i Donald førte fram

Siger for nynorskbrukarane
– Me skal sjølvsagt leggje til rette for at søkjarar og andre brukarar av tenestene våre kan få informasjon på våre nettsider i samsvar med føresegnene i språklova (…) Me har diverre ikkje høve til å gjere dei nødvendige endringane i årets opptak, men vil syte for at me gjer det for opptaket neste år, skriv Harkness i svaret til NMU.

Harkness forklarer at det elektroniske vitnemålet eigentleg berre er ei datafil med strukturerte kodar, og ikkje eit dokument i seg sjølv. For dei som gjekk ut av vidaregåande etter at Kunnskapsløftet var fullt gjennomført i 2009, finst data om kva målform skulen nytta på vitnemålet. Denne informasjonen manglar for eldre vitnemål, men for desse vil FSAT i staden leggja til grunn kva målform søkaren har valt i søknaden sin, ifølgje Harkness.

– Me er veldig glade for at nynorskbrukarane vinn endå ein liten siger, som er viktig nok i det store biletet. Det burde sjølvsagt kome av seg sjølv, men me er glade for at det ikkje skulle meir til enn å seie frå, skriv NMU-nestleiar Fredrik Hope.

LES OGSÅ: Fleirtal for meir nynorsk i Bergen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10
ANNONSE