Bitcoin kjem plutseleg tilbake. Korleis fungerer den?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 19.12.2017 14:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis fungerer Bitcoin?

Bitcoin vart diskutert mykje for nokre år sidan, som den potensielt revolusjonerande og uavhengige valutaen, både tryggare og meir effektiv enn den dominerande dollaren. I 2013 vart Bitcoin også framheva av Språkrådet som eit av årets dominerande ord, men sidan den gong har me ikkje sett ein digital valutarevolusjon.

Det har rett og slett sett litt ut som om Bitcoin aldri heilt tok av. Eit av problema var at valutaen var utruleg ustabil i ein lengre periode, og mista nær 40 prosent av verdien på tre døgn på det verste.Då gjekk verdien frå 1147 dollar til 694 dollar mellom 4. og 7. desember. Det var på slutten av 2013, året då Bitcoin var på sitt heitaste.

Kall det eit comeback?
No ser det ut til at Bitcoin kan gjera eit comeback, etter ein periode i skuggen. Den siste tida har aksjeprisen skote fart, og éin Bitcoin kostar no nær 600 dollar per stykk – den høgaste verdien sidan hausten 2014, skriv E24.Valutaen er også mykje meir stabil, skriv E24.

ITAvisen skriv også om den sveitsiske byen Zug, som no opnar for at Bitcoin skal kunne brukast for å betala nokre offentlege tenester.Bitcoin ser altså ut til å gjera eit comeback.

Kvifor valutaen kjem tilbake no, er det ingen som kan forklara. Analytikar i Menon Economics, Torbjørn Bull-Jenssen fortel E24 at han ikkje har plukka opp gode forklaringar, men at det blir spekulert i om kjøp frå Kina kan vera noko av årsaka.

South China Morning Post går langt i å styrka den teorien, og omtalar Bitcoin som «China’s New Darling».Investorar har gått hardt inn i Bitcoin den siste tida, mykje grunna devalueringa av yen og ein roleg aksjemarknad.

Vil du ha ei rask innføring i korleis Bitcoin fungerer? Sjekk denne videoen frå Brainstuff:

Forskning.no skriv også om Bitcoin, og forklarar det heile på ein enkel måte.

Kort oppsummert: Bitcoin er kodar – 1 og 0 i lange rekker – som blir ført som ei rekneskapsbok. Desse kodane blir generert gjennom datamining: At folk brukar software for å løysa matteproblem og får Bitcoin for kvart problem dei løyser. I dag blir 25 Bitcoin generert på denne måten kvart 10. minutt.

Mengda Bitcoin som blir generert blir halvert kvart fjerde år, og neste halvering kjem ganske snart – 10. juli i år. Då blir 12,5 Bitcoin generert kvart 10. minutt. Denne prosessen skal gjenta seg over lang tid til alle Bitcoinane som finst er i sirkulasjon – etter planen i 2154.

Endå kortare oppsummert kan Bitcoin samanliknast med ei gullgruve. Det finst ei bestemt mengd Bitcoin, som blir gravd fram av folk som løyser matteproblem. Etter kvart som meir blir gravd fram, er det mindre igjen, og derfor går det saktare å grava fram meir.

Bitcoin er eit bygdesamfunn
Kodane som blir generert gjennom datamining blir til Bitcoin, som til dømes kan kjøpast med vanleg valuta eller brukast til å kjøpa varer og tenester på nett. Men Bitcoin er ikkje noko fysisk, målt opp mot ein haug med gull i ein safe. Kodane blir skrive i blokker, som gir oversikt over kor mykje Bitcoin som eksisterer og korleis dei er fordelt. Det er desse blokkene som skapar tryggleiken.

Forskning.no samanliknar systemet med eit bygdesamfunn.Bitcoin-kjedene er informasjon som blir lenka saman, og den gamle informasjonen følgjer med den nye. Det betyr at Bitcoin blir tryggare over tid, fordi informasjonen eksisterer i fleire lenkjer i kjeda. Samstundes betyr det at alle som eig Bitcoin kan vita om alle andre som eig Bitcoin, og kor mykje dei eig – litt som i eit bygdesamfunn.

Vil du lesa meir om teknologi?

Forbrukarrådet fekk mykje merksemd då dei sette seg ned og las app-vilkåra på ein vanleg smarttelefon. Minutt for minutt.

Internett blir meir og meir skreddarsydd. Slik samlar nettsidene informasjon om deg.

Kva lurer folk på når dei googlar? Dei vanlegaste Google-søka ser du her.