Skreddarsydd Internett
I dag går den internasjonale personverndagen av stabelen. Er det greit at du må byte personlege opplysingar mot informasjon?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slik overvaker nettsidene deg
– Lagringa av personlege opplysingar for kommersiell bruk har teke heilt av, seier Atle Årnes, fagdirektør for teknologi i Datatilsynet.
Han snakkar om nettaviser og andre nettsider, som anten sjølv eller via tredjepartar lagrar informasjon om brukarane sine.
Mellom anna brukar dei fleste nettsider informasjonskapslar, som vert kopla til mobilen eller til datamaskina di, og som følgjer deg omkring på nett. Det er desse som gjer at du til dømes kan søke etter billege feriar til Paris, og i neste omgang få reklame for nettopp billege feriar til Paris.
I tillegg «lekkjer» sidene informasjon til selskapa dei nyttar tenester frå. Svært mange nettaviser nyttar tenestene til Google, DoubleClick, for å halde oversikt over sin trafikk. Informasjonen som vert samla inn, vert solgt på børsar til annonsørar.
– Nyleg har også påloggingsvarianten byrja å ta av. Når du til dømes loggar inn på Aftenposten.no eller Google sine tenester, kan desse aktørane lagre svært mykje informasjon om deg, forklarar Årnes.
Her kan du sjå kva Google samlar inn om deg.
Ubehageleg, ja. Men farleg?
Jens Barland er førstemanuensis i medieleiing ved Høgskolen i Gjøvik og tidlegare redaktør i Stavanger Aftenblad. Han har nyleg forska på korleis mediekonsernet Schibsted nyttar den personlege informasjonen til lesarane sine på VG.no.
Schibsted, som mellom anna eig Aftenposten og VG, fekk i fjor kjeft av Datatilsynet for manglande persondatakontroll. Mellom anna skildra Dagens Næringsliv korleis Schibsted samla inn store datamengder om brukarane sine for å kunne ta opp konkurransen med Google og Facebook. Ifølgje DN samla Schibsted-selskap som VG, Aftenposten og Finn.no inn 136. 000 datapunktet om éin person i laupet av eitt år. Selskapet lova då at dei haldt på å rydde opp i personvernrotet.
Barland tykkjer det er ubehageleg å vite at nettaviser og andre bedrifter kikar han nærme i korta. Samstundes seier han at han aksepterer desse ulempene, fordi alternativet er at store utanlandske aktørar som Google og Facebook, stikk av med annonseinntektene, gjennom si suverent tilpassa marknadsføring.
– Ubehaget ligg i at selskapa veit så mykje om meg, og kva dei kan gjere med denne kunnskapen. Ein ting er å syne meg tilpassa annonsar, fordi eg har lese om noko spesielt. Det meiner eg er OK, og det ser vi jo at Facebook gjer heile tida. Men kan selskapa misbruke denne informasjonen på nokon måte? Kan andre kjøpe informasjonen? Og kva vil dei bruke den til? Det er slik uvisse eg tykkjer er ubehageleg, forklarar Barland.
Han peikar på at det ikkje berre er mediebedriftene som haustar informasjon om oss på nettet, men også svært mange andre bedrifter.
– Dersom du til dømes kontaktar kundeservice i ei bedrift gjennom deira Facebook-side, kan dei lagre mykje informasjon om deg som er knytt til din Facebook-profil. Men om eg kontaktar banken min på Facebook, så vil eg at dei berre skal vite kva eg seier, og ikkje alt om mine vener og det vi har skrive på Facebook.
LES OGSÅ: Skeptisk til å lagre elevmapper
– Kan det i ljos av pressas samfunnsrolle vere særskilt problematisk at nettopp nettavisene driv ein slik praksis, til skilnad frå andre bedrifter?
– Det kan vere relevant kritikk, men eg stiller meg ikkje bak den. Det er vanskeleg å leggje ein annan etisk målestokk på mediebransjen enn andre bransjar, seier Barland.
– Nokre aviser byrjar å tilby individuelt tilpassa innhald. Er det problematisk?
– På den eine sida vil lesarane då truleg bli meir nøgde med avisa. Då er den tilpassa deira interesser. I utgangspunktet høyres ikkje det så galt ut. Men det betyr også at vi får ulike aviser, at desse massemedia ikkje lenger er noko som gir oss lik informasjon. Så samstundes som mediet vert betre for lesaren, vert det kanskje litt svakare for fellesskapen, seier Barland.
Alternativet
Når det gjeld nettaviser, ligg noko av problemet i den vanskelege overgangen frå papiravis til nettavis. Vanlege norske aviser har tapt store inntekter fordi dei tener mykje mindre på digitale lesarar enn papirlesarar.
– Samstundes har til dømes Google og Facebook greidd å finne fram til ein måte å tene gode pengar på i digital publisering, mellom anna med korleis dei sel annonsar og reklame inn på sidene sine. Då er det nesten heilt openbart at også andre aktørar, som dei norske media, vil forsøke det same. Norske nettaviser prøver seg også med å ta betalt for digitale abonnentar, men det har så langt synt seg å vere ein type inntekt som veks langsamt, og det kan ta lang tid før det gir særleg store pengar, seier Barland.
Årnes i Datatilsynet er einig med Barland i at det vil vere vanskeleg for å nettavisene å tene pengar utan å samle informasjon om sine brukarar. Han peikar samstundes på at brukarar kan nytte program til å blokkere reklame (ad blockers). Desse programma kan hindre at ein del informasjon blir lagra, men ein kan òg oppleve å få avgrensa tilgang til innhaldet på nettsidene.
LES OGSÅ: Gjer blaffen i overvaking på nett
Teknologisjefen har også nokre oppmodingar til mediebedriftene.
– Eg tykkjer det mest problematiske at det er vanskeleg å vite kva som skjer med informasjonen. Det er viktig at nettavisene gjer dette tydeleg i sin personvernpolitikk, som skal vere tilgjengeleg for lesarane. I tillegg er det viktig at nettaviser og andre selskap har eit reflektert forhold til sin bruk av informasjonslagring. Avisene burde generelt vere mykje flinkare til å vurdere og informere om praksisen sin, seier Årnes.
Han peikar på at Google til dømes har ein veldig stor del av marknaden, ettersom dei er tilstades i svært mange land.
– Ser eg på norske nettaviser, så nyttar dei Facebook og Google sine tenester. Ser eg på England, Russland, og Midtausten så er det jammen Google det går i der òg. Det går an å vurdere å bruke alternativ for å avgrense innflytinga til enkeltselskap, seier Årnes.
LES OGSÅ: Sosiale media skremmer foreldra
Kva med inga lagring?
Også her på Framtida.no vil vi vite kor mange som leser sakene våre, kvar dei finn sakene våre og kvar i verda dei sit når dei finn oss. Difor brukar også vi Googles tenester.
– Her på Framtida.no brukar vi nokre av Google sine annonseformat og søket i artikkeldatabasen vår er Google. Vi brukar også Google til å måle trafikken, fortel redaktør Svein Olav B. Langåker.
– Eg syns det er viktig å informere om dette gjennompersonvernpolitikkenvår. Her gjer vi òg greie for korleis folk kan slette informasjonskapslane i nettlesarane sine, seier han.
Det er altså vanskeleg å unngå å leggje att informasjon om seg sjølv, også om ein vil lese norske nyhende på nett.
Entreprenøren Gabriel Weinberg er blant dei som likevel meiner at det finst alternativ. Han står bak DuckDuckGo, søkemotoren som legg vekt på personvern og å unngå filterboblene, som gjer at ein får personleg tilpassa søkeresultat hjå til dømes Google. I motsetnad til hjå Google, får alle det same resultatet om dei søkjer hos DuckDuckGo.
Personvernpolitikk til selskapet er enkel:
“Vi samlar korkje inn eller deler informasjon”.
(På bloggen til Weinberg kan ein finne fleire tips for å styrkje personvern sitt på nett.)
LES OGSÅ: Dårleg personvern i skulen