Dette spør vi Google om

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 26.09.2017 09:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Google-søk: Kvifor er kvinner utro?

Ah, Google <3 Kva gjorde folk eigentleg før vi hadde den allvitande søkemotoren?

Ikkje berre kan du få svar på nesten alt du lurer på. Du kan også få svar på kva andre lurer på.

Dette var livets største spørsmål* i 2015, ifølgje Google:

Kva tyder…?

 

Kvifor…?

 

Sjå sjølv kva som trendar!

*Søkeorda som auka mest på Google gjennom 2015.

Dei største augeblinkane
Google kan også seie noko om dei største augeblinkane i 2015, og spørsmåla dei førde med seg.

Over 897 millionar søk er gjort globalt etter terroråtaka i Paris, og hendinga ruver dermed på topp.

Nest øvst er traileren til den nyaste Star Wars-filmen, med 155 millionar søk.

Blant topp-augeblinkane var også då NASA oppdaga vatn på planeten Mars og då dronning Elisabeth II vart den britiske monarken og den dronninga som har sete lengst ved makta i historia.

Volkswagen er også lista, men er kanskje ikkje like nøgd med grunnen, nemleg utsleppsskandalen.

Sjå resten av lista her.

Fyfy på personvern
Sjølv om vi ikkje er sikre på korleis vi skal overleve utan Google, så er vi litt sinte på søkemotoren også. For kvifor skal selskapet absolutt selgje personlege opplysingar om oss?

Det er vanskeleg å unngå Googles lange nase. Norske nettaviser, deriblant Framtida.no, brukar til dømes Google sine tenester.

Til og med når du les denne saka om korleis du byter personleg opplysingar mot informasjon kvar gong du googlar, legg du att informasjon om deg sjølv.

Det finst nokre alternativ. Søkemotoren DuckDuckGo legg vekt på personvern og å unngå filterboblene, som gjer at ein får personleg tilpassa søkeresultat hjå til dømes Google. I motsetnad til hjå Google, får alle det same resultatet om dei søkjer hos DuckDuckGo.

Eller har du kanskje lyst til å ta omsyn til miljøet medan du finn svar på livets store spørsmål? Prøv Ecosia, søkemotoren som bruker reklameinntektene til å plante tre for kvart søk du gjer.