Mållaget gir NTNU eksamensstryk og ber kunnskapsministeren å følgja opp.

mm

Noregs Mållag reagerer sterkt på at Høgskulen NTNU på Gjøvik har så dårlege rutinar på å lage eksamensoppgåver at dei presterer å produsere byggfag-eksamen på «tulle»-nynorsk.

LES SAKA: Fekk eksamen på tulle-nynorsk

– Det er lett å mistenke at dette botnar i mangel på respekt for språket og for kandidatar som er i sin fulle rett til å krevje eksamen på nynorsk. No vil vi ha ei forklaring frå rektor Jørn Wroldsen på at ein slik flause kan skje, og vi håpar at dei ansvarlege på høgskulen på Gjøvik får ei skikkeleg oppstramming og at rutinane blir endra slik at eksamensoppgåvene til Ingeborg Steine Jensen og andre kandidatar blir skikkeleg språkvaska heretter, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Ikkje overraska
I norsk høgare utdanning har kandidatar krav på å få velje målform, og på at oppgåvene språkleg sett ikkje er utforma på eit vis som forstyrrar konsentrasjonen rundt tema for sjølve eksamen.

– Dessverre er ikkje vi i Mållaget overraska over denne flausen – vi veit at dårleg språk florerer i lokalt produserte eksamensoppgåver.

LES OGSÅ: Målungdommen: – NTNU blant verstingane

Fleire saker
Norsk Målungdom har dokumentert slike saker i mange år. Blant anna har masterstudent Jorunn Simonsen Thingnes funne bøyingsfeil i 94,7 prosent av eksamensoppgåvene som er gitt på nynorsk på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo.

I går, torsdag, fekk leiaren i Studentmållaget i Tromsø, Gunnhild Skjold, ein telefon frå Universitetet i Tromsø med spørsmål om det kunne vera greitt for henne å ta eksamen på bokmål. Det er andre gongen ho har fått spørsmålet frå universitetet. Ekstra kostnader til papir var grunngjevinga første gongen.

Ber om skjerpa rutinar
Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, er glad for at studiedirektøren ved UiT Norges arktiske universitet klart seier at dei har gjort feil i saka.

– Eg håpar at dei som er ansvarlege for universitetssystemet sørgjer for at studentar som vel nynorsk både kan kjenne seg trygge på å få korrekt nynorsk tekst i oppgåvene, og på at svara dei leverer ikkje får urettferdig handsaming fordi dei er på nynorsk.

– Vi ber statsråd Torbjørn Røe Isaksen ta opp dette spørsmålet prinsipielt med høgskulesystemet slik at kompetansen i nynorsk blir styrkt og kontrollrutinar innskjerpa, seier Aasbrenn.

LES SAKA: – Ei skam og ein skandale

Departementet: – Opp til den enkelte institusjon
Det har ikkje vore mogleg å få svar frå politisk leiing i departementet, men ekspedisjonssjef Toril Johansson i Kunnskapsdepartementet svarer dette:

– Alle studentar som ønskjer det, har krav på å få eksamensoppgåva si på nynorsk. Vi føreset at statlege universitet og høgskular følgjer regelverket og har gode rutinar for språkarbeidet sitt. Det er den einskilde institusjonen som har ansvar for at språket som blir brukt i eksamenstekstar, er av høg kvalitet.

LES OGSÅ: Språkrådet ser ingen nynorskresultat ved NTNU

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.10
ANNONSE