Målungdommen: – NTNU blant verstingane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– NTNU blant verstingane

Noregs største universitet er i hardt vêr etter å ha kome med ei eksamensoppgåver til byggingeniørstudentane sine i Gjøvik på eit hjelpelaust nynorsk.

Klageportalen til Norsk Målungdom er ein stad der studentar kan melda inn eksamenar viss ein ikkje får oppgåva på nynorsk eller kvaliteten på språket er så dårleg at oppgåva til dømes er vanskeleg å forstå.

– Så langt i denne eksamensperioden har me fått inn åtte klagar, to av dei gjeld eksamenen frå NTNU Gjøvik. NTNU peikar seg til no negativt ut med totalt tre klagar, sa Kirsti Lunde, skrivar i Norsk Målungdom til Framtida.no tysdag ettermiddag.

Gå til klageportalen!

Berre delvis omsett
Framtida.no har òg fått tilsendt ein eksamen i termodynamikk frå NTNU som berre delvis var omsett til nynorsk:

– Det er ikkje på same latterlege nivå, men framleis veldig dårleg: Det er i praksis bokmål med eit nynorskord her og der, seier Kirsti Lunde.

I fjor fekk Norsk Målungdom òg tre klagar på NTNU, men då var det UiO som fekk flest klager.

TIPS TIL EKSAMEN!

Det er enno vanskeleg å seia om det er verre i år enn andre år, ifølgje skrivaren i Norsk Målungdom.

– I fjor fekk me inn totalt 19 klager, men det er god grunn til å tru at det var fleire enn 19 eksamenar som ikkje kom på nynorsk, eller som kom på nynorsk, men hadde svært låg kvalitet på språket.

– Mange veit nok ikkje om klageportalen vår, og heller ikkje retten til å klaga. Dessutan er vår erfaring at mange av klagesystema hjå universiteta legg opp til at studenten som klagar anten vil ha ny eksamen eller ny sensur. I tilfellet til nynorskstudentane er det ofte ikkje slik. Dei, og me, vil seia frå om at universiteta ikkje tek oppgåva med å laga eksamenar på både språk på alvor, slik at dei kan bli betre, seier Kirsti Lunde.

NTNU: – Trygg på oppfølging
Prorektor for utdanning ved NTNU, Berit Kjeldstad (bildet), kjem med dette som svar på eksamensoppgåva som blei gjeve på nynorsk til byggingeniørstudentane på Gjøvik:

– NTNU har gode rutinar og retningslinjer for kvalitetssikring av eksamensoppgåver. I dette konkrete tilfellet er ikkje desse vorte følgd. Eg er glad for at studiedirektøren ved Gjøvik har vore tydeleg i sitt svar, og er trygg på rutinane vil bli følgd opp vidare. 

LES SAKA: – Ei skam og ein skandale