Psykisk sjuke elevar fell frå

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange psykisk sjuke elevar

Det viser ein studie fra Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU).

– Dette er overraskande høge tal, seier forskar Eifred Markussen ved NIFU. Saman med Idunn Seland har han utført studien blant alle elevar på alle trinn i den vidaregåande skulen i Akershus sist skuleår. Målet var å finna ut meir om kvifor nesten kvar femte elev lar vera å fullføra skulegangen.

Eit viktig funn er at forhold utanfor skulen er ein like viktig årsak til fråfall som forhold internt på skolen, skriv Dagsavisen.

LES OGSÅ: Farleg fråfall

21 prosent av elevane svarar at dei hoppar av på grunn av psykiske eller psykososiale problem. 17 prosent seier dei manglar motivasjon. 12 prosent meiner dei valde feil utdanningsprogram, og 8 prosent sluttar på grunn av fysisk sjukdom.

7 prosent svarar vanskelege forhold heime som avgjerande og 4 prosent svarar rusproblem, graviditet eller barn som årsak til at dei ikkje klarar å fullføra skulegangen.

Axel Fjeldavli, påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, meiner det må setjast inn tiltak mot fråfall i skulen mykje tidlegare i dag – seinast i ungdomsskulen.

– Me veit at dei som fell frå ofte har slutta å vera motivert og engasjert for lenge sidan – utan at det er plukka opp og tatt tilstrekkeleg på alvor frå skulen si side, seier han til Dagsavisen.

LES OGSÅ: Fangar opp ungdommane

Blir Nav-klientar
Aftenposten skriv også om fråfall frå vidaregåande måndag. Halvparten av elevane som hoppar av vidaregåande skule, blir Nav-klientar, viser ei stor norsk undersøking.

Undersøkinga er basert på ti års forsking på 8.795 ungdommar i alderen 13-19 år i Nord-Trøndelag. Institutt for samfunnsmedisin ved NTNU konkluderer med at halvparten av dei blir avhengige av langvarige offentlege ytingar, som dagpenger og sosial stønad.

LES OGSÅ: Fråfallet er lågast i vest

Studien er publisert i tidsskriftet Journal of Epidemiology and Community Health, skriv Aftenposten.

– Me venta ikkje såpass slåande tal. Desse funna har negative konsekvensar ikkje berre på individnivå, men for heile samfunnet. Kjem ein utanfor arbeidslivet over lengre tid, slik som ved eit halvt års fråvere, er det større sjanse for å bli der, seier Karin De Ridder, som er ein av forskarane bak prosjektet.

Kva meiner du bør gjerast for å hindra at så mange elevar sluttar før dei er ferdige med vidaregåande?