Berre éin får stryka fråveret

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre han får stryka fråveret

 Fredag sist veke måtte leiaren i Nasjonalt ungdomspanel, Vetle Wang Soleim, ta seg fri frå skulen for å delta på møte i Oslo. Fråversdagen hans hamnar på vitnemålet hans.

Eirik Christoffer Hamre deltok på same møtet. Men fordi han er valt frå fylkeselevrådet i Vestfold blir arbeidet hans rekna som skuleadministrativt arbeid. Dermed tel ikkje dette som fråvere på vitnemålet. Dette til forskjell frå dei fleste andre ungdommane i Nasjonalt ungdomspanel eller ungdomsorganisasjonar eller -parti.

– Det er heilt sjukt at det skal vera så stor forskjell, seier Eirik Christoffer Hamre til Framtida.no. Han har 38 fråversdagar i år, meir enn dei fleste andre i ungdomspanelet.

– Alt fråvere må med
Nasjonalt ungdomspanel krev at alt fråvere skal med på vitnemålet, men at det er oppdelt etter type fråvere. Slik det er i dag kan fråveret inntil 10 dagar strykast frå vitnemålet dersom det skuldast til dømes sjukdom eller politisk arbeid. Før sommaren var grensa 14 dagar.

Vetle Wang Soleim, leiar i Nasjonalt ungdomspanel, likar lite at ungdom som er engasjerte blir straffa for dette.

Under Ungdommens nasjonalforsamling valte representantane at endring av fråversreglane er ei av dei fem viktigaste sakene dei vil arbeida for.

Samarbeidspartnarar
No jobbar Nasjonalt ungdomspanel med å skaffa seg samarbeidspartnarar for å skapa eit større trykk for å endra fråversreglane.

– Me hatt møte med både LO og NHO og fått positive signal frå dei, seier Vetle Wang Soleim.

Det kan dei trenga. Då utdanningsminister Kristin Halvorsen (SV) fekk spørsmål om fråversreglane på Barnas spørjetime i november, sa ho:

– Eg veit at eg er litt streng og hurpete, men det er så viktig at alle er på skulen. Viss ein er aktiv i ein organisasjon, så ville eg ikkje vore så engsteleg som dykk. Alle som eg har kjent som har vore aktive, har dette telt positivt på cven deira.