(NPK-Margunn Sundfjord):
(NPK-Margunn Sundfjord):
Faktaboks

Lozanov-metoden

Ein metode for å læra raskare og på ein meir positiv måte.

Grunnlagt av den bulgarske hjerneforskaren Georgi Lozanov (1926-2012).

Modellen byggjer på at vi lærer raskare og betre om vi brukar fleire av sansane våre og heile hjernen.

Metoden blir i dag brukt i mange land, ikkje minst i språkopplæring.

Lozanov-metoden blir no prøvd ut i språkopplæringa av minoritetsspråklege fleire stader i Noreg.

Metoden blir også trekt fram som ein alternativ måte å læra framandspråk på generelt.

Unesco rår til å bruka metoden for personar med dysleksi, analfabetar og innvandrarar for å letta integreringa. FN-organisasjonen meiner metoden også er godt eigna for å læra framandspråk i skulen.

Rundt 150 lærarar i Noreg er utdanna i denne metoden på høgskulenivå. (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Vi har omsett bøkene til nynorsk, men vi har ikkje pengar til å kvalitetssikra omsetjinga vi har gjort og til å trykkja bøkene, seier Lisa Hartmark.

Ho har saman med lærar og lærebokforfattar Barbro Torvaldsen bygd opp Lozanov-metoden i Noreg og skrive to lærebøker. No håpar ho det blir mogleg få pengar til å trykkja bøkene på nynorsk også.

LES OGSÅ: Riksmålsforbundet: Innvandrarar bør læra bokmål

Valdres viser veg
I Valdres ønskjer eldsjeler å bidra til å realisera ei nynorsk utgåve av den bokmålsversjonen som alt finst i dag.

– Det ville vera fint å få ei nynorsk utgåva innan suggestopedi. Vi treng gode metodar for å læra folk å snakka dialektar som ligg nær nynorsk og skriva nynorsk også, både for lærarar som skal undervisa i nynorsk i skulen og for elevane, seier Hanne Lykkja.

Ho har engasjert seg sterkt i arbeidet for at Valdres skal koma i gang med språkopplæring etter denne metoden.

12.– 15 april blir det arrangert eit begynnarkurs i denne språkopplæringa i Valdres.

– Det er eit kurs alle må ha for å gå vidare med høgskulestudiet for lærarar i denne innlæringsmetoden, seier Lykkja.

Ho fortel at det no blir arbeidd for at Valdres skal få eit slikt høgskuletilbod.

Lykkja håpar at opplæringsmetoden etter kvart også kan smitta over på opplæringa av framandspråk i skulen. Slik ho ser det, blir det å kunna tilby god språkopplæring ekstra viktig for kommunane framover.

– Når kommunane skal slåast saman blir god undervisning og gode læremiljø viktig når foreldra skal velja skule, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Nynorsk for vaksne innvandrarar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.08

Kommentarar

ANNONSE