Ingen fylke har nok helsesøstrer

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fullstendig ansvarslaust

Ingen fylke fyller minstenorma for helsesøster som er laga av Helsedirektoratet. Det betyr at ungdoms- og vidaregåande elevar landet over står utan eit godt lågterskeltilbod.

Det viser ein studie som tidsskriftet Sykepleien publiserte i dag, torsdag.

– Eg blir veldig oppgitt, seier leiar i Elevorganisasjonen Kristoffer Hansen til Framtida.no.

LES OGSÅ:– Mange unge møter ei strengt dør når dei treng oss

Unge funksjonshemmede krev øyremerking
– Dette viser atter ein gong at øyremerking av midlar til helsesøstrer er heilt essensielt for å sikre eit godt helsetilbod, seier styreleiar i Unge funksjonshemmede, Camilla Lyngen  ei pressemelding.

I regjeringa sitt budsjettforslag var det lagt opp til 200 friske millionar for skulehelse som ikkje er øyremerka. I regjeringas budsjettavtale med KrF og Venstre, som blir vedtatt i Stortinget, er det lagt til ytterlegare 100 millionar. Desse er øyremerka, men det er uklårt korleis dei blir fordelt. 

– Vi krev at regjeringa øyremerker alle midlane som er tiltenkt å styrke skulehelsetenesta. Berre på denne måten vil det vere mogleg å nærme seg minstenorma for bemanning i alle kommunar og ved alle skular, seier Lyngen.

Elevorganisasjonen har òg lenge tatt til orde for øyremerking.

– Hadde regjeringa øyremerka midlane tidlegare, så hadde det ikkje vore så ille som tala viser i dag, seier Kristoffer Hansen.

LES OGSÅ:Store forskjellar i helsetilbodet

Reell opptrapping?
Sjølv om det er tverrpolitisk semje om å styrke skulehelsetenesta, er det lite kontroll med korleis midlane som går ut til kommunane vert nytta.

– Skal vi sikre alle eit godt helsetilbod må helseminister Bent Høie (H) gå inn for øyremerking. Vil Høie gå inn for opptrapping av skulehelsetenesta, som denne undersøkinga igjen viser at det er så tydelig at vi treng? spør Camilla Lyngen i Unge funksjonshemmede. 

LES OGSÅ:Tredje gongen svarte helsesøster

Avdekker geografiske skilje
Undersøkinga viser at ikkje berre varierer skulehelsetilbodet alt etter kor eleven bur, men også om han går på ein stor eller ein liten skule, og om han er elev ved ein ungdoms- eller vidaregåande skule.  

– Vi kan ikkje ha eit helsetilbod som varierer på denne måten. Det er ikkje forsvarleg og sikrar ikkje eit godt og stabilt tilbod for nokon, seier Lyngen.

I utdjupinga av lovteksten står det spesifikt at skulehelsetenesta skal vere eit lågterskeltilbod med moglegheit for elevar å droppe innom.

– Ei slik ordning fins ikkje i dag. Vi må ha ambisjonar om ei teneste som er der eleven når eleven treng den, seier Lyngen.

LES OGSÅ:– Normalt å vera einsam

– Kan hindra fråfall
Rogaland har lågast dekning på helsesøstrer med nær 2400 elevar per helsesøster.

Fylkesleiar Anders Birkeland Garneng er bekymra.

– Det er utruleg mange som slit psykisk som droppar ut av vidaregåande. Det seier litt om at det er behov for fleire helsesøstrer. Kvaliteten blir dårlegare når helsesøstrene ikkje får tid til å snakke med elevane. Dei treng tid til å snakke med alle som treng hjelp, slår han fast overfor Framtida.no.