Store forskjellar i helsetilbodet

Bykle bruker 30 gonger meir på førebygging, helsestasjon og skolehelseteneste enn Stor-Elvdal. 113 kommunar tilbyr ikkje helsestasjon for unge i det heile. Sjå forskjellane her!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Store forskjellar i helsetilbodet

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det er store forskjellar i helsetilbodet for barn og unge. Medan Bykle kommune bruker over 11.000 kroner i året per innbyggjar under 20 år, bruker Stor-Elvdal berre 375 kroner.

For to veker sidan la Barneombodet fram ein rapport som blant anna slår fast at det manglar 1500 helsesøstrer og at 7 av 10 helsesøstrer unnlét å spørja om vanskelege ting fordi dei ikkje har tid til å følgja opp.

LES OGSÅ: Barneombodet: – Alvorlege manglar i helsetilbodet

– Må sørgja for tilstrekkeleg tilbod
Statssekretær Lisbeth Normann i Helse- og omsorgsdepartementet seier regjeringa har varsla at dei skal fremja ei stortingsmelding om framtidas primærhelseteneste.

– Eit viktig tema i meldinga vil vera korleis det kan sikrast gode helseteneste til born og unge. Regjeringa har òg vidareført satsinga på 180 millionar i budsjettet til helsestasjon og skulehelsetenesta. Samstundes er det viktig at kommunane prioriterer helsetilbodet til born og unge. Dei må sørgja for at helsestasjons- og skulehelsetenesta er tilstrekkeleg dimensjonert ut frå lokale behov, seier ho.

LES OGSÅ: – Barn får munnkorg om overgrep

– Opp til kommunane
Helsestasjon for ungdom skal vere eit gratistilbod for ungdom. Hjå helsestasjonen kan ein få hjelp med spørsmål kring seksuell helse, smittevern, psykiske plagar, rus og liknande. Men i 2013 var det 113 kommunar utan slikt tilbod – 18 fleire enn i 2012.

Blant dei som hadde helsestasjon for ungdom er det eit svært varierande tilbod. I Bergen og Kristiansand var det berre ein time opningstid i veka per 10.000 ungdommar mellom 13 og 20 år.

– Helsestasjon for ungdom er ikkje ei lovpålagt oppgåve for kommunen. Det er opp til den einskilde kommunen å tilby helsetenester som innbyggarane har behov for til kvar og ei tid. Me håpar likevel kommunane vel å prioritera dette lågterskeltilbodet som me veit er populært blant ungdom, seier statssekretær Lisbeth Normann.

LES OGSÅ: Fryktar dårlegare helsetilbod til barna

I dialog om tilsyn
Sist gong det var eit større tilsyn med skulehelsetenesta var i 2000. I 2011 undersøkte Helsetilsynet skulehelsetenesta og helsestasjonane ved fire kommunar i Trøndelag. Alle fire fekk påvist avvik når det gjaldt dimensjonering av tenesta.

– Ei spørjeundersøking blant dagens helsesøstrer viser at 7 av 10 seier dei let vera å spørja om vanskelege ting fordi dei ikkje har tid til å følgja opp. Vil departementet ta initiativ til fleire tilsyn?

– Helsetilsynet er eit fritt og uavhengig organ, men departementet er i dialog med Helsetilsynet om kva som kan vera viktige tilsynsområde, seier Lisbeth Normann.

LES OGSÅ: Her får dei tilbake helsestasjonen sin

Her kan du sjå kor mykje kommunane bruker på førebygging, helsestasjons- og skulehelseteneste per innbyggjar under 20 år i 2013:

0941 Bykle

11616

1046 Sirdal

5520

0633 Nore og Uvdal

5446

0615 Flå

5372

0940 Valle

5285

0541 Etnedal

4894

0620 Hol

4861

1026 Åseral

4744

0834 Vinje

4433

1738 Lierne

4413

0618 Hemsedal

4340

1919 Gratangen

4316

1928 Torsken

4291

0545 Vang

4251

1832 Hemnes

4155

1742 Grong

4114

1811 Bindal

3997

1665 Tydal

3964

0632 Rollag

3937

1546 Sandøy

3827

0513 Skjåk

3826

1816 Vevelstad

3712

0616 Nes (Busk.)

3694

1940 Gáivuotna Kåfjord

3573

1252 Modalen

3542

0514 Lom

3541

0515 Vågå

3502

1740 Namsskogan

3433

1837 Meløy

3393

1739 Røyrvik

3356

2018 Måsøy

3256

0511 Dovre

3255

0619 Ål

3246

0617 Gol

3239

1826 Hattfjelldal

3188

1145 Bokn

3184

1627 Bjugn

3170

1755 Leka

3162

1505 Kristiansund

3160

2027 Unjárga Nesseby

3152

1743 Høylandet

3110

1943 Kvænangen

3091

0128 Rakkestad

3089

1927 Tranøy

3076

1228 Odda

3067

0415 Løten

3044

1151 Utsira

3036

0538 Nordre Land

3013

2023 Gamvik

3013

0512 Lesja

2986

1923 Salangen

2968

1851 Lødingen

2952

1748 Fosnes

2936

2015 Hasvik

2923

1718 Leksvik

2921

0935 Iveland

2916

0929 Åmli

2906

1129 Forsand

2873

1233 Ulvik

2830

1134 Suldal

2812

0517 Sel

2799

1234 Granvin

2797

0521 Øyer

2781

0522 Gausdal

2755

1613 Snillfjord

2749

1037 Kvinesdal

2745

0826 Tinn

2741

1141 Finnøy

2740

0831 Fyresdal

2732

1430 Gaular

2732

1926 Dyrøy

2731

0926 Lillesand

2719

0822 Sauherad

2699

1034 Hægebostad

2677

1231 Ullensvang

2661

0914 Tvedestrand

2645

0621 Sigdal

2640

0938 Bygland

2639

0417 Stange

2625

0426 Våler (Hedm.)

2608

0438 Alvdal

2600

1920 Lavangen

2599

0623 Modum

2598

1938 Lyngen

2589

0807 Notodden

2587

0520 Ringebu

2576

1634 Oppdal

2571

1736 Snåase Snåsa

2550

0911 Gjerstad

2544

1839 Beiarn

2541

1617 Hitra

2532

1021 Marnardal

2528

1543 Nesset

2521

1523 Ørskog

2515

1725 Namdalseid

2508

1632 Roan

2502

0121 Rømskog

2493

1911 Kvæfjord

2482

0403 Hamar

2470

0719 Andebu

2469

1630 Åfjord

2464

0612 Hole

2458

0704 Tønsberg

2435

1703 Namsos

2434

0833 Tokke

2432

1620 Frøya

2430

1866 Hadsel

2421

1636 Meldal

2417

1426 Luster

2409

0830 Nissedal

2407

1913 Skånland

2405

1563 Sunndal

2402

1211 Etne

2396

0432 Rendalen

2390

0711 Svelvik

2382

1818 Herøy (Nordl.)

2382

1813 Brønnøy

2378

1924 Målselv

2378

0118 Aremark

2360

1432 Førde

2359

1433 Naustdal

2342

0544 Øystre Slidre

2338

0811 Siljan

2338

1744 Overhalla

2330

0122 Trøgstad

2317

0214 Ås

2316

2024 Berlevåg

2294

0301 Oslo kommune

2290

0419 Sør-Odal

2289

1265 Fedje

2282

1664 Selbu

2275

1535 Vestnes

2271

2014 Loppa

2270

1721 Verdal

2263

1238 Kvam

2257

1601 Trondheim

2243

1841 Fauske

2240

1428 Askvoll

2239

1420 Sogndal

2233

1539 Rauma

2232

1871 Andøy

2222

1644 Holtålen

2217

0543 Vestre Slidre

2214

0418 Nord-Odal

2209

1445 Gloppen

2201

1633 Osen

2198

0136 Rygge

2191

0937 Evje og Hornnes

2188

1241 Fusa

2188

1860 Vestvågøy

2187

0604 Kongsberg

2179

1124 Sola

2173

0628 Hurum

2170

1547 Aukra

2166

1939 Storfjord

2166

1401 Flora

2163

1431 Jølster

2162

1557 Gjemnes

2157

1635 Rennebu

2154

1640 Røros

2149

0427 Elverum

2147

1222 Fitjar

2147

1223 Tysnes

2139

1412 Solund

2139

1103 Stavanger

2133

1418 Balestrand

2130

1417 Vik

2129

1444 Hornindal

2123

0138 Hobøl

2117

1822 Leirfjord

2115

1724 Verran

2111

0516 Nord-Fron

2109

0536 Søndre Land

2089

0519 Sør-Fron

2083

2025 Deatnu Tana

2072

0119 Marker

2063

0828 Seljord

2051

1525 Stranda

2045

1502 Molde

2040

1834 Lurøy

2032

0528 Østre Toten

2030

1749 Flatanger

2026

0219 Bærum

2020

1528 Sykkylven

2019

 

2013

0815 Kragerø

2007

1421 Aurland

2005

1224 Kvinnherad

1999

1524 Norddal

1998

1027 Audnedal

1993

0706 Sandefjord

1991

0412 Ringsaker

1985

1804 Bodø

1983

1516 Ulstein

1978

1805 Narvik

1970

0805 Porsgrunn

1958

0906 Arendal

1956

1002 Mandal

1956

0814 Bamble

1954

0817 Drangedal

1947

0540 Sør-Aurdal

1945

1833 Rana

1942

1130 Strand

1937

2004 Hammerfest

1937

1221 Stord

1928

0605 Ringerike

1926

1416 Høyanger

1926

1232 Eidfjord

1925

1127 Randaberg

1923

1264 Austrheim

1922

1419 Leikanger

1920

1001 Kristiansand

1916

1925 Sørreisa

1913

1825 Grane

1911

1245 Sund

1909

1504 Ålesund

1909

1449 Stryn

1906

0622 Krødsherad

1902

1941 Skjervøy

1900

1622 Agdenes

1896

0534 Gran

1889

0901 Risør

1889

0436 Tolga

1888

1838 Gildeskål

1885

0101 Halden

1883

0827 Hjartdal

1881

1003 Farsund

1881

1102 Sandnes

1881

1534 Haram

1880

1719 Levanger

1879

1519 Volda

1875

1902 Tromsø

1875

0532 Jevnaker

1873

0137 Våler (Østf.)

1870

0437 Tynset

1870

1144 Kvitsøy

1868

1411 Gulen

1866

1812 Sømna

1866

1014 Vennesla

1864

1859 Flakstad

1862

0220 Asker

1861

1263 Lindås

1855

1251 Vaksdal

1854

1548 Fræna

1853

1571 Halsa

1850

0542 Nord-Aurdal

1848

0420 Eidskog

1841

1235 Voss

1836

1663 Malvik

1834

1566 Surnadal

1827

1653 Melhus

1819

0239 Hurdal

1807

0533 Lunner

1805

1551 Eide

1802

1711 Meråker

1800

1018 Søgne

1796

1514 Sande (M. og R.)

1795

1624 Rissa

1793

1868 Øksnes

1792

0226 Sørum

1791

1560 Tingvoll

1791

0233 Nittedal

1787

1933 Balsfjord

1786

0439 Folldal

1781

1114 Bjerkreim

1775

0215 Frogn

1763

1657 Skaun

1761

1511 Vanylven

1758

1112 Lund

1757

1201 Bergen

1756

0213 Ski

1755

1648 Midtre Gauldal

1745

0723 Tjøme

1744

1638 Orkdal

1744

1756 Inderøy (f.o.m. 2012)

1739

0702 Holmestrand

1735

0111 Hvaler

1734

0501 Lillehammer

1732

0502 Gjøvik

1732

2003 Vadsø

1723

1815 Vega

1720

1260 Radøy

1718

0234 Gjerdrum

1712

0713 Sande (Vestf.)

1712

0402 Kongsvinger

1703

1422 Lærdal

1700

1515 Herøy (M. og R.)

1700

1931 Lenvik

1700

0227 Fet

1698

0716 Re

1695

1517 Hareid

1694

0135 Råde

1689

1820 Alstahaug

1688

0216 Nesodden

1686

1439 Vågsøy

1685

0106 Fredrikstad

1684

0709 Larvik

1663

0423 Grue

1661

1717 Frosta

1660

1121 Time

1658

0236 Nes (Ak.)

1655

1266 Masfjorden

1651

1573 Smøla

1651

0104 Moss

1649

0124 Askim

1649

0434 Engerdal

1649

1929 Berg

1647

0105 Sarpsborg

1644

1424 Årdal

1642

1824 Vefsn

1640

0211 Vestby

1631

0231 Skedsmo

1630

1242 Samnanger

1627

0127 Skiptvet

1622

2030 Sør-Varanger

1612

0221 Aurskog-Høland

1611

0722 Nøtterøy

1603

1149 Karmøy

1602

1133 Hjelmeland

1600

1004 Flekkefjord

1599

0602 Drammen

1597

0238 Nannestad

1591

0125 Eidsberg

1585

1219 Bømlo

1585

1259 Øygarden

1584

1135 Sauda

1583

1531 Sula

1582

1122 Gjesdal

1575

0229 Enebakk

1574

1942 Nordreisa

1573

1714 Stjørdal

1567

0230 Lørenskog

1566

1903 Harstad (f.o.m. 2013)

1565

0631 Flesberg

1561

1532 Giske

1558

0714 Hof

1556

0919 Froland

1554

1253 Osterøy

1554

1438 Bremanger

1554

0728 Lardal

1549

1848 Steigen

1534

0217 Oppegård

1530

1529 Skodje

1529

0928 Birkenes

1525

1106 Haugesund

1524

1243 Os (Hord.)

1522

0904 Grimstad

1520

1828 Nesna

1506

0701 Horten

1499

1216 Sveio

1495

1111 Sokndal

1485

0123 Spydeberg

1474

1101 Eigersund

1474

1244 Austevoll

1473

1662 Klæbu

1454

0627 Røyken

1451

1827 Dønna

1441

1120 Klepp

1439

0228 Rælingen

1435

2019 Nordkapp

1434

1246 Fjell

1433

1146 Tysvær

1426

0626 Lier

1416

0624 Øvre Eiker

1403

1443 Eid

1397

0806 Skien

1380

1017 Songdalen

1380

1142 Rennesøy

1380

1520 Ørsta

1379

1865 Vågan

1358

1545 Midsund

1345

1247 Askøy

1344

1429 Fjaler

1324

1160 Vindafjord

1313

2011 Kautokeino

1311

1836 Rødøy

1309

0429 Åmot

1276

1567 Rindal

1273

1413 Hyllestad

1265

1029 Lindesnes

1254

0720 Stokke

1245

1702 Steinkjer

1245

0237 Eidsvoll

1200

0625 Nedre Eiker

1187

2012 Alta

1185

1917 Ibestad

1159

1554 Averøy

1150

1870 Sortland

1121

1032 Lyngdal

1110

1227 Jondal

1082

1751 Nærøy

1079

1441 Selje

1042

0235 Ullensaker

995

1119 Hå

925

1256 Meland

908

0912 Vegårshei

851

1621 Ørland

787

2021 Karasjok

770

2017 Kvalsund

563

1856 Røst

396

0430 Stor-Elvdal

375

Kjelde: Kostra

Faktaboks

Her er nokre av kommunane som ikkje har helsestasjon for ungdom:

Aurland
Austreim
Bremanger
Eidfjord
Finnøy
Fjaler
Fusa
Gaular
Granvin
Gulen
Hjelmeland
Jondal
Leikanger
Lærdal
Meland
Samnanger
Selje
Stordal
Suldal
Vang
Vindafjord
Ål
Åmli

Kjelde: KOSTRA