– Vi klarer ikkje å sitje å sjå på, så vi bidreg med det vesle vi kan.

Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt
Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Toril Valseth, opphavleg frå Sæbø, har budd i Ungarn med familien i eitt år. Mannen Morten jobbar i forsvaret og sønene Sebastian (13) og Alexander (11) går på skule. I den vesle byen Pápa bur dei skjerma til saman med 12 andre nasjonalitetar, men flyktningkrisa kjem tett innpå dei.

LES OGSÅ: Venstre vil ha hastemøte om flyktningar

Økonomisk krise
– Vi ser flyktningar over alt. Dei går i grøfta ved motorvegen og dei er overalt inne i dei større byane.

Toril skildrar Ungarn som eit fattig land. Difor er flyktningkrisa enno vanskelegare. Når Ungarn ikkje har råd til å ta vare på sine eigne, vekkjer det stor misnøye dersom dei hjelper flyktningane frå Syria.

– Eg forstår utruleg godt Ungarn sitt dilemma. Landet vert gjerne framstilt negativt med tanke på korleis dei behandlar flyktningane, men dei er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon, fortel ho.

Sjølv bidreg familien med det vesle dei kan. Problemet er at det er vanskeleg å finne ut av kvar og kva dei kan bidra med på grunn av språkbarrieren og manglande engelskkunnskapar blant dei lokale.

– Men det ordnar seg. Det tek berre litt tid.

LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt

Delte ut mat
Toril Valseth skildrar sterke scener frå Ungarn. Også sønene vert påverka. Dei har vore med til grensa for å dele ut mat og vatn.

– Vi var og handla førre laurdag, og då bestemte vi oss for å kjøpe inn store mengder vatn, jus, mat og kjeks. Heime fordelte vi det i posar, og så køyrde vi ned til grensa ved byen Röszke.

Ungarn har sett opp eit trelags tjukt piggtrådgjerde langs den 175 kilometer lange grensa, men flyktningane frå Syria tek seg gjennom det likevel.

– I piggtråden hang der att kle og bamsar. Det er utruleg sterkt å sjå.

Toril og sønene stilte seg opp langs ei togskinne i nærleiken, eit stykke vekk frå politiet, og delte ut til dei mange syriske flyktningane som kom gåande.

– Det er nesten heilt uverkeleg. Dei kjem gåande overalt. Alexander og Sebastian delte ut til alle dei kunne, men vi hadde jo ikkje nok. Alexander kommenterte at vi burde ha hundrevis av posar med oss. Det er sterkt for dei å oppleve dette, og sårt for dei at vi ikkje kan hjelpe alle, men samstundes er det viktig at dei får vere med å bidra med det dei kan. Eg sa til Alexander at han må tenke på at vi har hjelpt nokre, og at det er betre enn ingen.

Toril fortel at dei snakkar mykje om det som skjer. Også mannen Morten bidreg når han ikkje er på jobb.

– Det er vanskeleg å skildre dei scenene som utspelar seg. Det er snakk om rundt 4 millionar syrarar som har flykta frå landet sitt. Nesten like mange som det bur i Noreg.

Krigen i Syria har vart i fire år, og situasjonen vert verre og verre. Nyheitene skildrar eit land som vert bomba i fillebitar.

– Vi snakka med nokre av flyktningane ved grensa. Ein ung gut, berre eitt år eldre enn Sebastian, fortalde at han hadde mista alle. No var han på veg til onkelen sin i Tyskland, fordi han var den einaste han hadde att i familien. Det er hjarteskjerande.

LES OGSÅ: Gabrielle: – Lett å ta skylappar på 

Søv ute
Også i byparken i den næraste store byen Győr, bur det mange flyktningar. Toril og ei venninne køyrde forbi, men kjende at dei måtte stoppe. Dei såg seg ut ei mor som sat med barna sine ved eit leikeapparat. Ho kunne ikkje engelsk, men systera kom bort og hjelpte til med kommunikasjonen.

– Vi spurte om dei trengde noko. Og vi fekk kjøpe vatn, mat og bleier til dei. Vi leverte også nokre teppe. Dei sov i leikeapparata om natta. Og dei ville svært gjerne prate med oss. Dei fortalde at dei sakna kontakt med andre folk. Dei saknar å vere ein del av eit samfunn. Vi hadde ikkje tid då, men eg har tenkt meg tilbake for å sjå om eg kan finne dei att.

Toril fortel at flyktningane verkar utmatta, og at dei ber preg av å ha vore gjennom mykje. Ei peika på gifteringen sin og sa «Syria. Bomb». Toril tolka det som at mannen hennar var drepen i krigen.

– Og alle tenkjer mykje på dei som er att, og som ikkje har hatt råd til å kome seg ut av landet. Det er store kontrastar mot det livet vi lever.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Vil ikkje ha hjelp
Å hjelpe til er heller ikkje så enkelt. Styresmaktene har gått ut og sagt at der ikkje er behov for frivillig bistand til flyktningane. Toril veit at sanninga er ei anna. Dei hadde også planar om å lage til halalsandwichar og dele ut, men fekk beskjed om at det ikkje var så veldig populært å dele ut god mat, fordi folk var redde for at flyktningane ville verte verande.

– Då tenkte eg berre.. nei. Er det mogleg? Det er ingen av dei som vil vere i Ungarn, så eg trur ikkje dei skal uroe seg for det. Dei vil vidare. Samstundes er det sjølvsagt slik at det meste er betre enn i Syria.

Men det er også dei som vil hjelpe til, uansett kva styresmaktene seier. Toril seier at mange av dei lokale ungararane er fiendtleg innstilt over for innvandrarar generelt, men der er gode unntak.

– Det finst også mange gode, omsorgsfulle ungararar. Unge som gamle, som er sjokkert over Ungarn si behandling av flyktningane. Dei jobbar på spreng som frivillige. Det er ikkje alle ungararar som støttar regjeringa og det dei står for.

Og sjølv om politiet har fått strenge ordre om å vakte grensa, finst også der hjartevarme.

– Vi såg to unge politimenn ved grensa. Dei var kanskje i 20-åra. Dei handhelste på alle som kom. Det var rett og slett vakkert å sjå. Men vi har høyrt om det motsette også. Dei som brukar makt. Det er vondt.

LES OGSÅ: Elevane løyste Syria-konflikten

Vil vidare
Fleire av flyktningane har høyrt om lastebilen som vart funnen i Austerrike, med 71 døde flyktningar om bord. Der er korte avstandar. Toril fortel at dette skjedde berre er ein times tur frå byen dei bur i. Pápa ligg midt mellom Budapest og Wien. Byar som også er prega av flyktningstraumen.

– Dei vi møter i Ungarn er redde, men dei vil vidare. Dei to kvinnene vi snakka med i parken sa at dei sjølve vurderte å vere med på ein slik lastebiltur. Og eg forstår det jo, samstundes gjer det meg så redd. Dette er menneske som deg og meg, som har hamna i ein heilt håplaus situasjon. Aller helst skulle eg ha teke dei med heim, men det får eg ikkje lov til.

Toril Valseth er usikker på korleis ho ville ha reagert på flyktningkrisa om ho sat heime i trygge Noreg.

– Vi bidreg fordi vi kan, og fordi vi ikkje kan la vere når vi får det så tett innpå oss. Vi har fått bidrag frå familie og vener som gjer at vi kan kjøpe inn litt ekstra som vi kan dele ut, men eg er ikkje ute etter å samle inn pengar, men det er sjølvsagt lov til å ta kontakt med meg.

Toril seier at dei prøver å balansere hjelpa dei kjem med. Dei vil ikkje risikere å gjere noko straffbart. Som til dømes å ha folk buande med seg.

– Om eg skulle kome med eit råd til de heime så må det vere at de ikkje må vere redde for flyktningane. Eg har snakka med mange og sett mange. Dei fleste er greie menneske akkurat som du og eg. Ta sjansen og prat med dei. Tenk viss det var de sjølve som var i denne situasjonen. Men det er heilt klart at noko større må skje for å hjelpe på denne situasjonen, men det er over mitt hovud. Vi bidreg med det vi kan med det som trengst der det trengst. Vi slår av ein prat og leikar med barna viss vi har tid. Vi kan ikkje la vere når vi har moglegheita til det.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE