Tysk ikkje-binær aktivist utlevert til Ungarn
Aktivisten vart ulovleg sendt til Ungarn, slo ein tysk domstol fast i februar. Helsingforskomitéen meiner Europa bør ta inn over seg utviklinga i Ungarn.

– Eg blir skulda av ein europeisk stat fordi eg er ein antifascist, sa den tyske aktivisten Maja T. i den fyrste dagen i retten i Ungarn 21. februar.
Det skriv Deutsche Welle. I tråd med tysk praksis blir ikkje tiltalte omtala ved fullt namn i media.
Maja T. er ikkje-binær og ein antifascistisk aktivist frå Tyskland. Dei er sikta i Ungarn for å ha hatt fleire valdelege samanstøyt under ei ytre-høgre markering i Budapest i februar 2023.
Ifølgje ungarske styresmakter brukte dei antifascistiske aktivistane samanleggbare stokkar for å banke demonstrantane på markeringa, skriv Deutsche Welle (DW).
Usemje mellom rettssystem
Maja T. vart arrestert i Berlin i desember 2023 av tysk politi, og utlevert av styresmaktene i byen til Ungarn 28. juni 2024.
Same dag slo Bundesverfassungsgericht, den tyske høgsteretten som tek for seg grunnlovsspørsmål, fast at aktivisten ikkje skulle utleverast.
Mina Skouen, seniorrådgjevar for likestilling og anti-diskrimineringsarbeidet til Den Norske Helsingforskomité, påpeiker at Tyskland har ei plikt til å ikkje utlevere personar som risikerer menneskerettsbrot, sjølv til andre EU-land.
– Italia har valt å ikkje utlevere ein person på grunn av soningsforhold, seier ho.
Ein domstol i Milan slo fast at aktivisten Gabriele Marchesi, som var involvert i dei same hendingane, var i fare for umenneskeleg og nedverdigande behandling dersom personen vart utlevert.
Ei hovudbekymring er dei dårlege soningsforholda i ungarske fengsel. Skouen fortel at det er ein kjent problematikk at trans- og ikkje-binære personar kan hamne i sårbare og farlege omstende, dersom staten ikkje tek omsyn til kjønnsidentiteten deira ved fengsling.
Faren til den tiltalte skildrar i tillegg kummarlege forhold i fengselet, inkludert isolasjon, store mengder veggedyr, manglande varmvatn, og dårleg mat.
Kan ikkje rekne med frie domstolar
Den ungarske statsministeren Viktor Orbán innførte i 2021 forbod mot positiv omtale av kjønns- eller seksualitetsmangfald, og landet har fleire gonger blitt kritisert av andre EU-land, inkludert Tyskland, for å ha svekka rettssystemet sitt.
– Ein kan ikkje utan vidare sjå på ungarske domstolar som frie og uavhengige, seier Skouen.
6. februar slo Tyskland fast at utleveringa av Maja T. var ulovleg. To veker seinare hadde aktivisten sin første dag i retten i Ungarn.
Skouen understrekar at det ikkje alltid hjelper å vere etterpåklok, men meiner det er viktig at Tyskland ser på eigne rutinar.
Ho håpar europeiske land tek inn over seg den endringa som har skjedd i Ungarn, og dei praktiske konsekvensane det har for sårbare grupper.
– Det var mykje prat om dette då Ungarn vedtok dei dramatiske lovendringane sine, men det er nettopp i slike saker ein ser dei reelle konsekvensane.
Kritiserte Ungarn i retten
Maja T. har ikkje innrømt straffskuld, som ville ført til 14 år i fengsel utan vidare rettsleg behandling. Dei kommenterte heller ikkje innhaldet i tiltalen, som inkluderer fleire skuldingar om å ha påført andre alvorleg kroppsskade.
Den fyrste dagen i retten brukte dei heller tida si på å kritisere Ungarn.
– Det er ein stat som opent ekskluderer og skil menneske på grunn av deira seksualitet eller kjønn, sa dei i retten.
Aktivisten kan få opp til 24 år i fengsel for det dei er tiltala for.