Ukrainske Polina (24) er glad for å lære nynorsk: – Kjempeviktig

Kvam herad vart årets nynorskkommune i 2024, og fekk skryt for nynorskopplæringa av innvandrarar. Ukrainske Polina synest nynorsk er både viktig og utfordrande.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– Språk er det viktigaste når du kjem til eit nytt land, trur eg. Alt er bygd opp rundt språket.

Det seier Polina Len. Ho kom frå Ukraina til Noreg for to år sidan, og er i dag busett i Øystese i hardangerkommunen Kvam.

Alle som har høyrt ein harding snakke, til dømes Herborg Kråkevik eller Jon Fosse, har nok merka seg at dialekta ligg tettare på nynorsk enn bokmål. Det har difor vore viktig for Len å lære nettopp nynorsk.

– Det hadde vore verre om eg skulle lære å skrive på ein heilt annan måte enn slik folk snakkar. Det ville vore vanskeleg. Eg er glad for å lære språket som ligg nært den lokale dialekta. Sjølv om det av og til er vanskeleg å forstå kva folk seier likevel, seier Len.

Pådrivar

Kvam herad, som kommunen heiter på papiret, vart tidlegare i år utpeikt som årets nynorskkommune av Språkrådet. Juryen var i år særleg oppteken av nynorskopplæring for flyktningar og innvandrarar.

Juryleiar Margrethe Kvarenes trekker fram at Kvam herad har vore ein pådrivar for at forlag og andre skal lage læreverk og læringsressursar til vaksenopplæringa på nynorsk.

Då ho først kom til Noreg, budde Polina Len nokre veker utanfor Oslo. Der byrja ho å lære bokmål, og det var ingen som fortalde henne at Noreg hadde to skriftspråk. Først då ho kom til Kvam, fekk ho møte nynorsk.

– Det var veldig forskjellig, og forvirrande. Men eg er veldig glad for at eg byrja å lære nynorsk. Eg likar det betre enn bokmål! Det høyrest veldig vakkert ut. Men det er også fleire reglar og ulike former. Det er litt lettare å skrive på bokmål, meiner ho.

– Fleire innvandrarar bør lære nynorsk

Polina Len går no andre året på Kvam vidaregåande skule. Då ho først kom til Hardanger, gjekk ho eitt år på vaksenopplæringa. Som den einaste unge på kurset syntest ho det var litt keisamt, men det var likevel spennande å lære eit nytt språk.

– Eg lærte at det er ein sterk samanheng mellom nynorsk og den nasjonale identiteten og historia i Noreg. Eg er veldig glad for å få vere med på å bringe språket vidare. Eg synest fleire innvandrarar og flyktningar bør lære nynorsk, og at vi må vere meir opptekne av å fremje det. Det er kjempeviktig, seier ho.

Lærarane var veldig greie og hjelpsame. Samstundes legg ho ikkje skjul på at det også er utfordringar ved å lære nynorsk som fersk i landet.

– Det er nesten ingenting å lese på nynorsk på nettet. Ingenting å sjå på NRK. Eg treng mange ulike kjelder for å lære språket, men det meste er på bokmål, seier ho.

Følte seg isolert

Ved sida av skulen plukkar Len opp mange dialektord og slang-uttrykk frå venene sine.

– Då eg gjekk på VG1 forstod eg nesten ingenting, og eg var litt deprimert på grunn av det. Eg følte meg isolert, og kunne ikkje snakke med venene mine. Vi kunne sjølvsagt snakke på engelsk, men det er litt annleis, seier ho.

Etter kvart byrja ho å skjøne meir, og då var det også lettare å få seg vener.

– Når du snakkar morsmålet til nokon, får du ei betre tilknyting til dei, seier ho. 

Elskar Skam

I tillegg til å lære gjennom å praktisere språket, ser ho også på norske tv-seriar – med tekst – og har særleg vorte begeistra for Skam.

Dessutan prøver ho å finne nynorske bøker på skulebiblioteket. Ho har lese historiske bøker om Kvam, men også fantasibøker og bøker om mytologi.

– Favorittordet mitt på norsk er kjærleik. Eg synest det er så vakkert!

Det vanskelegaste med språket er ord med r-lydar saman med ein annan konsonant, til dømes «kart» eller «arm». Ho har måtta lære seg å snakke med skarre-r, og det er unaturleg å både hugse og uttale desse orda.

– Sentralt i kulturen

Sjur Vågen (32) er nestleiar i Kvam mållag. Han meiner det er viktig for integreringa at tilflyttarane til hardangerkommunen lærer nynorsk.

– Skal ein bli del av vår kultur og identitet, er det klart at nynorsken er sentral i det, slår han fast.

Vågen gler seg over at Kvam har vorte utpeikt som årets nynorskkommune, og han meiner heradet har gjort seg fortent til heideren. Han viser til at både kommunen og det lokale næringslivet er flinke til å bruke nynorsk i kommunikasjonen.

– Det ville ha vore heilt snodig om heimkommunen til Jon Fosse skulle skrive bokmål, seier han.

Gjer nynorsk kult

Vågen trekker også fram den lokale musikkfestivalen Bygdalarm. Festivalen er årets største hending for unge i Kvam, og han brukar både nynorsk og dialektord i marknadsføringa.

– Du ser at unge folk på 18, 19, 20 år går med handlenett, capsar og t-skjorter med nynorskord frå Bygdalarm. Dei er med på å gjere nynorsk kult for yngre målgrupper. Slike aktørar skal ha veldig honnør for å bruke nynorsk, slår Vågen fast.

Mållaget forsøker også å skape positivitet rundt nynorsk i kommunen. Hovudfokuset deira er å ha ei positiv innstilling til språk, heller enn å leite etter feil eller arrestere bedrifter for å bruke bokmål.

Høg snittalder

Vågen skulle gjerne ha sett fleire yngre engasjere seg i mållaget. Han legg ikkje skjul på at den snittlege medlemen ikkje er i 20-åra.

– Eg føler at både vi og andre lokallag har ein jobb å gjere for å engasjere dei unge. Eg trur det er veldig individuelt kor opptekne lokal ungdom og unge vaksne er av nynorsk. Ein ser folk som flyttar heim frå byen og har vorte bokmålsbrukarar, men også folk som gjennom åra vert meir opptekne av identitet og språk, og brukar nynorsk, seier han.