SV sikra 500 kvoteflyktningar: – Vanskeleg å juble for

SV har fått gjennomslag for 300 fleire kvoteflyktningar enn det regjeringa føreslo i statsbudsjettet. Press meiner det er altfor lite.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Vi synest det er kritikkverdig at ein feirar ein så liten auke når FN meiner vi skal ta imot ti gonger så mange, seier Marius Sjølyst i Press på telefon til Framtida.no.

Då regjeringa i haust la fram forslaget sitt til statsbudsjett, ville dei ta imot 200 kvoteflyktningar. Etter forhandlingar med samarbeidspartnar SV, har dei gått med på å auke dette talet til 500.

FN vil ha 5000

Kvoteflyktningar er flyktningar Noreg tek imot gjennom FN sitt flyktningsystem. Desse slepp å ta ut på farefulle reiser for å få opphald, og kjem ofte som heile familiar.

Press-leiaren synest det er rart om SV er nøgde med 500, for talet på kvoteflyktningar er langt under både det FN meiner Noreg bør ta imot og det talet dei sjølv har gått ut med, som er 5000.

Det er òg mindre enn det Noreg har tatt imot dei siste åra. I 2022 tok Noreg i mot 3000 kvoteflyktningar. Dette talet vart kutta til 2000 i 2023, og 1000 i 2024.

– Det er meir enn det regjeringa originalt føreslo, men likevel er det såpass langt å gå til det FN anbefaler at vi skal ta imot, at det er vanskeleg å juble for 300 til, meiner Sjølyst.

Stort behov i verda

Leiaren i Press minner om at det er eit stort behov i verda for beskyttelse.

– Det er utruleg mange millionar flyktningar i verda akkurat no, og ein ligg an til å få fleire. Ein ser uro fleire stader i verda. Ikkje berre er det Ukraina, Gaza og Sudan, men ein byrjar å sjå til dømes i Syria at det blussar opp igjen.

Han viser til at regjeringa i Hurdalsplattforma slår fast at kvoteflyktningordninga er den sikraste måten å få beskyttelse på.

– Når regjeringa sjølv har sagt det, noko vi er einige i at det er, så meiner vi det er veldig kritikkverdig at ein ikkje gir dei 5000, som FN meiner vi skal ta imot, den beskyttelsen dei treng.

SV: – Pinleg

SV understrekar i ein e-post til Framtida.no at dei i sitt alternative budsjett føreslo 5000 kvoteflyktningar, i tråd med det FN har oppmoda Noreg om.

– Regjeringa ville i utgangspunktet redusere dagens kvote på 1000 ned til 200. At vi fekk bremsa reduksjonen noko, og landa på 500, er ei lita forbetring. Så meiner vi sjølvsagt framleis at det er altfor få. Vi hadde vona å få til fleire, men fann ikkje vilje hjå regjeringspartia, skriv stortingsrepresentant Birgit Oline Kjerstad, som sit i kommunal- og forvaltningskomiteen.

Ho påpeiker at signala Noreg sender med vedtaka sine, påverkar andre land si vilje til å bidra i det internasjonale flyktningarbeidet i regi av FN.

Birgit Oline Kjærstad, SV, Møre og Romsdal. Foto: Stortinget

Det er pinleg at vi i Noreg, som verdas rikaste land, ikkje kan semjast om å ta imot fleire flyktningar. Historisk mange menneske er på flukt, og behovet for vern har aldri vore større. Vi skulle gjerne ha kome mykje lengre, men dette var det vi greidde denne gongen. Dei som er opptekne av at Noreg skal ta sitt ansvar for verdas mest sårbare flyktningar må leggje press på regjeringspartia, slik at dei tek innover seg at dette ikkje er bra nok.