Syria: Eit folk på flukt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er den største flyktningbefolkninga frå ein enkelt konflikt på ein generasjon. Det er ei befolkning som treng støtte av verda, men som i staden må leve under skrekkelege forhold og fell djupare inn i fattigdom, seier FNs høykommissær for flyktningar, António Guterres.

Nye tal frå tyrkiske styresmakter om syriske flyktningar som har komne til Tyrkia, viser at den totale mengda flyktningar frå nabolandet har stige til meir enn 4.013.000 menneske.

Vidare er minst 7,6 millionar menneske på flukt inne i Syria, svært mange av dei i vanskelege situasjonar og i område som er vanskelege å nå.

– Forverra tilhøve
Borgarkrigen er inne i sitt femte år, utan at noka løysing på konflikten er i sikte.

UNHCR anslår at mengda syrarar som har flykta frå landet innan utgangen av 2015 vil passere 4,27 millionar.

Talet har stige raskt. Det er berre ti månader sidan det offisielle talet på flyktningar frå Syria passerte tre millionar.

– Forverra tilhøve driv eit veksande tal på menneske mot Europa og andre stader, men det overveldande fleirtalet held seg i regionen. Me har ikkje råd til å la dei og samfunna dei oppheld seg gli lenger inn i desperasjon, seier Guterres.

Grenserestriksjonar
Flyktninghjelpen meiner at talet fire millionar kunne vore endå mykje høgare, om ikkje Syrias naboland hadde gjort det vanskelegare å passere grensene.

– Dette dystre talet kunne lett ha vore enda høgare. Kapasiteten i nabolanda er strukke til brestepunktet. Som ein konsekvens har dei auka sine grenserestriksjonar, noko som gjer det umogleg for mange sivile å flykte frå den brutale krigen, seier generalsekretær i Flyktninghjelpen, Jan Egeland.

LES OGSÅ: – Ein illusjon at vi kan halde fram som før

Kvar fjerde
Ifølgje UNHCR oppheld 45 prosent av alle Syria-flyktningane seg i Tyrkia. I juni kom 24.000 nye flyktningar hit. Samla er det nå over 1,8 millionar syriske flyktningar i nabolandet.

Libanon huser nærare 1,2 millionar syriske flyktningar – éin firedel av befolkninga i landet. Jordan har teke imot nærare 650.000, Irak rundt 250.000 og Egypt dryge 130.000. Presset på landa er enormt.

I tillegg har meir enn 270.000 syrarar søkt asyl i Europa.

– Me må auke støtte til nabolanda monaleg for å sikre at dei kan halde grensene opne og tilby tilstrekkelege levekår til dei flyktningane som alt er der, meiner Egeland.

Treng 45 milliardar
UNHCR seier at nettopp den økonomiske situasjonen er eit aukande problem. For 2015 anslår dei at ein trenger rundt 45 milliardar norske kroner i humanitær hjelp og utviklingshjelp.

Så langt har berre éin firedel av denne summen komne inn, samtidig som det store fleirtalet av flyktningane lever under fattigdomsgrensa.

– I tillegg til meir nødhjelp og støtte til nabolanda, må land utanfor regionen ta imot eit større tal på flyktningar. Nokre av dei mest sårbare flyktningane kan ikkje få det vernet dei har krav på i nabolanda. Me kan ikkje lenger gjere dette til eit spørsmål om anten auka støtte til nabolanda eller flyktningar i land utanfor regionen i heimlandet att – me er nøydde til å gjere begge delar, seier Egeland i Flyktninghjelpen.

LES OGSÅ: Noreg utanfor samarbeid om atomvåpen