Venstre vil ha hastemøte om flyktningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev hastemøte på Stortinget

– Vi ber statsministeren om nødvendig ta initiativet til eit ekstraordinært stortingsmøte for å få gjort formelle vedtak om auka innsats og omprioriteringar/overskridingar på statsbudsjettet for 2015. Dette hastar og kan etter Venstres syn ikkje la seg seinke av at Stortinget formelt opnar først om ein månads tid, skriv Skei Grande.

– Flyktningsituasjonen i Syria, Middelhavet og delar av Europa skakar oss. Ikkje sidan andre verdskrigen har det vore så mange menneske på flukt i vår del av verda. Noreg har eit ansvar for å bidra. Vi har eit ansvar for å hjelpe til. Både her heime, i andre land i Europa og i nærområda. Vi ser heldigvis eit sterkt folkeleg engasjement i Noreg for å bidra. Dette engasjementet bør også bli forsterka med eit felles løft frå det politiske Noreg, fortset Venstre-leiaren.

LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt

Blir auka neste år
Regjeringa kunngjorde søndag at nødhjelpsbudsjettet blir auka med 1 milliard kroner neste år. Pengane skal i hovudsak gå til nærområda rundt Syria.

– Vi legg 1 milliard på toppen av det vi brukar på humanitære formål i år. Det blir det største humanitære budsjettet i historia, men så ser vi også den verste flyktningkatastrofen sidan andre verdskrigen, sa utanriksminister Børge Brende (H) til NRK.

Venstre-leiaren støttar dette, men meiner det allereie i år må løyvast meir pengar.

– Som avtalepartnar for statsbudsjettet for inneverande periode, gir eg på vegner av Venstre statsministeren og regjeringa vide fullmakter til å overskride det vedtekne budsjettet for å avhjelpe i denne situasjonen, seier Trine Skei Grande.

Blant anna tar ho til orde for auka innsats i nærområdet, og at Noreg skal vere med på ein «felles europeisk dugnad».

LES OGSÅ: Elevane løyste Syria-konflikten

Vil behandle søknadar i Noreg
Skei Grande meiner dessutan at asylsøknadar frå personar som kjem til Hellas og Italia, skal behandlast i Noreg, etter avtale med desse landa.

Ho vil også skunde på mottaket av flyktningane Noreg har plikta seg til å ta imot i 2016 og 2017 og om nødvendig utvide totaltalet frå 8.000.

Venstre-leiaren ber om meir midlar til det norske mottaksapparatet, eit nytt norsk skip til Middelhavet, vriding av EØS-midlar og bistandsmidlar til Europas sørkyst og oppretting av flyktningsenter i Nord-Afrika i samarbeid med dei aktuelle landa.

– Avtalen som vart inngått på Stortinget om flyktningar frå Syria, er etter Venstres syn ein botnplanke og ikkje ein avtale om kva Noreg maksimalt kan gjere. Noregs innsats må supplerast med ytterlegare tiltak og auka løyvingar, seier Trine Skei Grande.

Både SV og KrF støttar kravet frå Venstre.

LES OGSÅ: AUF jublar over Støre-tale