Er du i gang med nye studiar? Her er nokre gode tips.

mm

1. Vel riktig studie  – eller bytt beite

Har du ein brennande draum som du er villig til å ofre alt for? Eller er det viktig for deg med ein trygg jobb og god løn?

Studie og yrkesval er viktig, samstundes kan mange utdanningar gje fleire og meir varierte  arbeidsmoglegheiter enn du var klar over då du søkte. Stadig fleire byttar òg beite undervegs i arbeidslivet.

Forhåpentlegvis har du valt riktig studie, men om du merkar at studiet eller staden ikkje er noko for deg kan du undersøkje moglegheitene for å bytte. Sjå for deg kva du vil jobbe med i framtida. Likar du ikkje studiet er det ikkje sikkert yrket er noko for deg heller.

Har du ikkje kome inn kan du framleis søkje 242 ulike restplassstudier via Samordna opptak. Sjekk lista her. 

LES OGSÅ: – Styr unna hobbyen som yrke

2. Skaff deg ein stad å bu

Studenthybel: For dei som siktar seg inn på studentplassar frå sin aktuelle Studentsamskipnad løner det seg å vere tidleg ute med søknaden for å få bustad til skulestart. Får du ikkje plass vert du sett opp på venteliste og kan kome inn dersom nokon vert ledige.

Privat leige: Skal du inn på det private leigemarknaden er det spesielt viktig å vere klar over kva rettar du har som leigetakar. Dei vanlegaste fellene er at ein ikkje får skikkeleg kontrakt og at depositum vert betalt inn på utleigar sin konto framfor ein eigen depositumskonto, ifølgje studentavisa Universitas.

På Finn.no og Hybel.no kan du både sjå på rom og leilegheiter, eller leggje ut ei eiga annonse.

Mange studentar vel òg å kjøpe leilegheit, då ofte med hjelp frå foreldre.

LES OGSÅ: Tilbyr sofaen til huslause studentar

3. Søk om lån
Dersom du tek høgare utdanning godkjent av NOKUT kan du søkje om stipend og lån frå Lånekassen. Dette gjeld både fulltidsstudium og deltidsstudium der ein tek halvparten så mange studiepoeng som vanlege løp. Merk at ikkje alle nettstudium kvalifiserer til studielån. Spør skulen om du er uviss på om di utdanning er godkjent.

Du kan få støtte av Lånekassen i til saman åtte år. Dersom utdanninga vert forsinka på grunn av born, sjukdom eller nedsett funksjonsevne kan perioden utvidast. Tek ein doktorgrad i utlandet kan ein få studiestøtte i ti år.

Sjølv om du må betala mesteparten av pengane tilbake er studielånet gunstig med gode renter og moglegheit for å utsetje eller slette lånet, dersom ein skulle bli ufør.

Her finn du oversikt over alle NOKUT-godkjente utdanningsinstitusjonar.

LES OGSÅ: Studentane slit økonomisk

4. Ta kontroll over økonomien
I utgangspunktet kan ein få 100.920 kroner av Lånekassen fordelt på ti månadar. (Betalar du skulepengar, har barn, nedsett funksjonsevne eller har lang reiseveg heim kan du få noko meir. Les meir her.)

Etter at ein har bestått eksamenane vert 40.368 kroner omgjort frå lån til stipend.

Ifølgje Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) er det nok med mellom 2000 og 2600 kroner i månaden for å dekkje matbehovet for ein vaksen person. Har du høg husleige og anna forbruk kan den månadlege utbetalinga på 7.569 kroner verte i minste laget.

Spør alltid etter studentrabatt. Set opp eit budsjett, så slepp du å leve på nudlar i slutten av kvar månad.

Å ha ein deltidsjobb kan gje deg både ekstra inntekt og eit fortrinn i arbeidsmarknaden.

LES OGSÅ: Sjukestipend for studentar blir utvida

5. Meld deg opp og få oversikt
For å få semesterkort må ein registrere seg og betale studentavgift i Studentweb. Jo før ein får studentkort, jo før kan ein nytte godane som student.

Ver obs på at ein ofte må melde seg opp til både undervisning og eksamen i enkeltemne tidleg.

Sist men ikkje minst lønar det seg å gjere seg kjent med Fronter, eller andre kanalar der ein får informasjon. Finn pensumlister og førelesningsplanar.

LES OGSÅ: Tenk på sex, få A på eksamen

6. Start å studere
Når eksamensperioden nærmar seg er det mange studentar som ender opp med skippertak. Starter du på pensum tidleg i semesteret får du meir att for førelesningane og kan repetere når dei andre sveittar over bøkene.

7. Ver sosial – få nye vener
Gå på arrangement i fadderveka. Dersom ikkje vil drikke alkohol har dei fleste studiestader no rusfrie arrangement eller faddergrupper.

Finn ut kva foreiningar og aktivitetar du kan engasjere deg i. Gjennom idrettslag, revy, spelklubbar, studentmedia eller debattsamfunn kan du få likesinna vener for livet.

LES OGSÅ: Gjer fadderveka tryggare

8. Ta vare på helsa
Ein studerande hjerne treng mat. Et godt og regelmessig. Syt òg for å få nok søvn og trening – det gjer godt både for den fysiske og mentale helsa. Gå til lege og tannlege når det trengs.

9. Spør om hjelp!
Studietilveret kan vere stressande med prestasjonspress og mykje uvisse. Éin av fem studentar svara i fjor at dei sleit med psyken. Det kom fram i Studentanes helse- og trivselsundersøking (SHoT). 

Er du uroa over praktiske ting knyta til studiet snakk med rettleiaren din eller medstudentar. Prat med vener dersom det er noko du tykkjer er vanskeleg. Om du har behov for ein utanforståande er det eigne studentpsykologar, som kan snakke om små og store ting.

LES OGSÅ: Studentar i rekordlang psykologkø

10. Nyt studietida!
Mange ser tilbake på studietida som den beste tida i livet. Nyt det sosiale livet og seine kveldar midt i vekene. Finn ein god balanse mellom arbeid og fritid. Lykke til!

Oppdatert: laurdag 11. august 2018 22.37

Kommentarar

ANNONSE