Tenk på sex, få A på eksamen
Norsk hjernetrim skal ta over verda. Det kan òg gjere pensum både lett, moro og pirrande.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tenk på sex, få A på eksamen
– Den delen av hjernen du brukar til sexfantasier, er den same som du brukar når du skal memorere. Difor rår eg alle studentar til å ha sex på hjernen medan dei puggar, seier memoguru Frank Wedde.
Han er gründer i selskapet Memogym, som no lanserer hjernetrimmen sin for verda.
– Gløymer for lett
– Studentar legg ned veldig mange timar på å lære seg ting dei gløymer, seier Wedde.
Han meiner det er rart at hugseteknikkar ikkje har vorte inkorporert i utdanningssystemet enno. Memoguruen forklarar at det finst forsking på dette området heilt attende til 1800-talet, og meiner studentar flest hadde hatt godt av å trene opp hjernen.
– Om studentane hadde brukt memoteknikker ville dei kunne lært seg pensum på ein meir effektiv måte, og kunne brukt meir tid og energi på å reflektere og utvikle kritisk tenking, seier Wedde.
Han meiner at det blir feil å bruke eit heilt semester på å pugge seg fram til eit godt eksamensresultat, når det uansett går rett i gløymeboka.
Les òg: Laga app mot eksamensangst
Pilotprosjekt på Høgskulen
Memogym har starta eit pilotprosjekt i samarbeid med Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) der studentane skal lære seg pensum samstundes som dei lærer seg memoteknikkar – ved hjelp av spel.
Prosjektet er designa slik at studentane lærer seg memoteknikker samstundes som dei lærer pensum, slik at dei slepp å ta eit eige memokurs.
– Mange studentar er late, dei gidd ikkje å bruke to veker på å lære seg hugseteknikkar for så å bruke dei til å lære seg pensum. Difor har vi gjort det slik at vi slår to floger i ein smekk, seier Wedde.
Les òg: Kræsjkurs i studieteknikk
Slit med anatomi
Det er høgskulestudentane ved medisinsk teknologi som kjem til å få høvet til å spele seg gjennom pensum.
– Ein del av studentane slit med faget fysiologi og anatomi for ingeniørar, forklarar førsteamanuensis ved Institutt for industriell utvikling ved HiOA, Peyman Mirtaheri.
Han underviser i medisinsk teknologi, eit fag der ingeniørstudentar må kombinere teknologi og medisinsk kompetanse. Studentane hans må gjennom medisinundervisning for å bestå faget, noko som er uvant for mange ingeniørar.
– Det er jo eit medisinretta fag – ikkje eit typisk ingeniørfag, og studentane mine har ein annan fagleg bakgrunn enn medisinstudentene. Difor er det mange studentar som slit med å lære seg det dei skal i faget, seier Mirtaheri.
Han har vore i kontakt med Frank Wedde i Memogym, og saman har dei fått løyvt 500.000 kroner til å starte eit prosjekt som skal gjere det lettare for studentane å kome seg gjennom dette faget.
Les òg: Få klisterhjerne til eksamen
Level up!
– Samarbeidet vårt kjem hovudsakleg til å gå ut på effekten ved bruk av spel. Vi har gjort om pensum til ein slags spelsekvens, der studentar blir løna med poeng og nye nivå, seier Mirtaheri.
Han har trua på å la studentane spele seg gjennom pensumlista.
– Når studentane har kome seg på eit tilfredsstillande nivå har vi ei samling der vi går gjennom kva studentane har lært gjennom den tida. Når studentane har samla endå fleire poeng, får dei endeleg tilgang til laben for å utføre ein arbeidsfysiologitest.