Gjer fadderveka tryggare

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.08.2018 22:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag startar faddervekene for ferske studentar landet over – ei tid som skal vere prega av moro.

Men det er ikkje alltid berre, berre å vere student i ny by. Kanskje er det så enkelt at ein ikkje finn vegen heim. I verste fall kan ei fatal hending øydeleggje det som skulle vore starten på den beste tida i livet.

I 2012 sette ei brutal overfallsvaldtekt i fadderveka ein skikkeleg støkk i bergensstudentane. For å gjera studentane tryggare tok fadderleiarane ved dei ulike utdanningsinstutisjonane i Bergen initiativ til faddervaktordninga, som vart skipa for første gong i fjor.

– Me var veldig nøgde med pilotprosjektet og lærte at det faktisk er eit behov for det, seier leiar for faddervaktordninga Helga Grønlund Hodne, som òg var med i prosjektet i fjor.

LES OGSÅ: Fyll og dur framfor kultur

Den nye vegen heim
Jusstudenten var som faddervakt med å hjelpe ei jente, som ikkje var særleg berusa, med å finne vegen heim. Slikt kan skje som fersk student i ny by. Kanskje kom ein til byen same dag og har problem med å finne ut kva buss ein kan ta heim. Kanskje ser alt annleis ut om natta.

– Det viktige er at det er eit lågterskeltilbod. At det ikkje skal vere flaut å spørje, understrekar Grønlund Hodne.

Tilbodet tek ikkje sikte på å vere rusforebyggande, men betryggande. Å vera synleg i bybildet og skapa trygge rammer rundt førstemøtet, så både studentar og foreldre kan slappa av.

Tiltaket har fått mykje skryt frå både studentar, fadrar og politi. No startar Trondheimsstudentane opp eit tilsvarande tilbod og i Bergen vert ordninga utvida.

LES OGSÅ: Éi av ti jenter har blitt pressa til sex

Vatn, bollar og skyss
I år vil mellom tilsaman 150 og 160 faddervakter dele på å gå rundt i byen kveld- og nattetid dei to vekene festlegheitene varer. Ordninga er utvida frå ei veke i fjor , for å dekkje fadderveka til alle utdanningsinstutisjonane.

Ein stor tank med gratis vatn skal stå ved Den blå steinen. Det var eitt av tiltaka som gjorde suksess i fjor. I tillegg er ordninga utvida med enkel servering av bollar og frukt i teltet på Torgallmenningen.

Jussfakultetet, der Grønlund Hodne er fadderleiar, lånar ut to bilar. I tillegg stiller fleire fadrar – som er både studentar og folk frå studieadministrasjonen – med private bilar. Skyss har òg sett opp ekstra nattbussar i perioden.

I Oslo har nokre fakultet teke initiativ til liknande ordningar knytt til enkeltarrangement og Stavanger har vore positive, men så langt er det berre Trondheim som har følgt eksempelet med faddervakter.

LES OGSÅ: Færre ungdommar rusar seg


Vasstanken i Noregs fuktigaste by er populær i den fuktigaste veka i året. Foto: Faddervaktene i Bergen

Frivillig-boom
Nicholas Lund organiserer den nyoppstarta faddervaktordninga i Trondheim.

I trønderhovudstaden har iltaket fått massiv respons før starten. 200 frivillige har meldt seg – mellom desse er både studentar, fadrar, studieavdelingssjefar og rektor ved NTNU.

– Frivilligheita i Trondheim er heilt ekstrem, skryt Lund.

Òg i Trondheim er det eit samarbeid mellom dei ulike utdanningsinstutisjonane.

Vaktene går frå ti-tida på kvelden til tre på natta måndag til laurdag dei i to veker framover.

I tillegg til patruljering finn ein faddervakter på postar i Nordre gate, Torvet og ved Samfundet. Der kan studentane få vatn, mat og regnponchoar.

Målet er – som i Bergen – å førebyggje eventuelle valdtekter, men òg å vere eit lågterskeltilbod for hjelp som ny student på nattetid.

Ifølgje Lund er det veldig enkelt og ikkje noko i vegen for å starte opp ordninga fleire stader i landet. Det gjeld berre at nokon får ballen til å rulle.

–Kvifor ikkje berre gjere det? Det er noko utelukkande positivt som studentar gjer for at nye studentane skal vere tryggare, oppmodar Lund.

LES OGSÅ: Slutt på fyll etter portforbod på Island

Vil ha permanent ordning
Når studentane er trygge, kan fokuset liggje på å ha det moro og verte kjent med den nye byen og medstudentane.

I opphavsbyen Bergen vonar dei at ordninga slår ann over heile landet.

– Eg vonar at dette kan spreie seg til alle studentbyane og verte eit varig tilbod. Fadderveka er til for at studentane skal kjenne seg velkommen, dette vert ei forlenging av det – at dei skal kjenne seg trygge, avsluttar Grønlund Hodne.


Desse smilande faddervaktene trødde til i Bergen i fjor, no følgjer Trondheimsstudentar i deira fotspor. Foto: Faddervaktene i Bergen