Studentane slit økonomisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Etter at faste utgifter som bustad, mat og studiekostnader er betalt sit ein gjennomsnittsstudent att med 500 kroner per månad.

 Det kjem fram i ei fersk undersøking utført av Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU). Dei har laga eit studentrekneskap basert på studentanes oppgitte inntekter og utgifter.

Dårligast ut kjem dei yngste studentane, frå 22 år og nedover, med 440 kroner i overskot per månad. 

– Studentar brukar meir enn dei tener.

– Utan støtte frå familie eller partner går ikkje dette rundt. Dei er heilt avhengige av hjelp utanfrå for å kunne dekke utgiftene dei har, seier økonomiekspert i Dagbladet og programleiar for Luksusfellen på TV3, Hallgeir Kvadsheim.


Slit seg ut

Masterstudent på Medievitskap, Eivind Hauger, måtte sjå seg nøgd til å troppe ned jobben som kundekonsulent i Get etter at han byrja på masterstudiet.

– Utan jobb ville det ikkje gått rundt. Sjølv om ein slit seg ut, er det heilt naudsynt. Berre studielånet i seg sjølv ville ikkje vore nok til å dekkje dei faste utgiftene som telefon, straum og lån, seier han.I tillegg til å studere mellom fem og seks timar om dagen, jobbar Haugar no kvar tredje sundag i tillegg til nokre kvardagar i veka.

– Då eg tok bacheloren min, jobba eg 55 prosent ved sidan av studiet. Men no som eg går på master, er det ikkje mogeleg å jobbe så mykje. Det hadde gått utover studiet, seier han.

Aller helst skulle Haugar sett at han hadde ein meir studierelatert jobb, men her møter han tøff konkurranse.

– Sjølv om studiet sender ut informasjon om relatert arbeidserfaring, er det utruleg mange om beinet. Dessutan konkurrerar vi jo også med studentar frå journalisthøyskolen og BI.

 – Gjer noko med kvaliteten

Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Kim Kantardjiev, er ikkje overrasa over det store gapet mellom studiestøtte og faktiske levekostnadar.

– 95 prosent av studentane jobbar ved sidan av studiar. Mange jobbar mykje og det kan føre til at ein misser søkjarlysetpå studiet sitt. Det gjer igjen noko med kvaliteten av det som vert levert. Studentar som er slitne etter arbeid, leverar arbeid der kvaliteten er lågare enn den kunne ha vore.

Kantardjiev påpeiker og at ein deltidsjobb ved sidan av studia, er med på å forskyve interesse og studentengasjement i bakre rekkje.

– Studentar skal vera studentar, sjølv om dei også lyt jobbe. Studentengasjement og interessegruppe er eit grunnleggande tilskot til studiekvardagen. Ein lyt delta. Det er ein openbar kvalitet av danningsprosessen, og det krev meir tid enn den tida studentane i dag har disponibelt på grunn av jobb, seier han. 

 – Ver forsiktig med kredittkort

Økonomiekspert Kvadsheim ser seg einig i at studentars økonomi ikkje er den sterkaste og seier at det hender dei mottek søknader frå studentar som ynskjer å delta i Luksusfellen.

– Særleg er det studentar som nyttar seg av kreditt som kan ende opp med å slite økonomisk, seier han. Han meiner at bankane bør tenkje seg om to gonger før dei deler ut kredittkort i samband med såkalla studentpakke.

– Det er snakk om ti-femten tusen kroner, altså ikkje dei store beløpa, men det er mykje pengar for ein student. At studentar nyttar seg av kredittkort for å få det til å gå rundt er ikkje spesielt lurt. Studentar har ein særs liten margin om dei skulle gå amok med kredittkortet, og dette kan gje økonomiske konsekvensar, seier Kvadsheim.

Trur ikkje jobb hemmar studia

Universitas har fleire gonger skrive om studentanes dårlege økonomi og korleis dei slit med å kombinere jobb og studiar. Seinast i februar i år kom det fram at ein av tre studentar sliter økonomisk i ei undersøking utført av Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus.

Utdanningsstatsråd Tora Aasland meiner derimot at det er fleire positive effektar av at studentar er i arbeid.

Dei vert godt rusta for arbeidslivet og får viktig erfaring. Arbeid som er relatert til studia er sjølvsagt heldigare enn arbeid i ein kafé, men alt arbeid er i bunn og grunn gode erfaringar, seier ho.

Aasland meiner studentane ikkje kan forvente at det finst nok studierelaterte arbeidsplassar på marknaden, men at det viktigaste er erfaringa arbeidet gjev. Ho medgjer at det er et problem dersom arbeidet rammar studia.

 – Men denne undersøkinga viser tvert imot at studentane studerar mykje, seier hun. Aasland trur ikkje det er noko problem at studentane vert slitne av deltidsarbeidet, og at det vidare går ut over kvaliteten på studiekvardagen.

– Dei dette gjeld, lyt sjølvsagt jobbe mindre. Men eg trur studentane klarer å vera veldig effektive når dei jobbar med studiar. Deltaking i kulturlivet er viktig, men om ein vel å vera heiltidsstudent gjer ein ei bevist prioritering.  

LES SAKA UNIVERSITAS (På bokmål)

Er studentlivet hardt økonomisk? Diskuter under

Faktaboks

 Økonomisk sårbarheit blant studentar i 2005:

 I 2005 undersøkte SSB studentanes levekår, ved å sjå på utgifter og inntekter. Resultata er ikkje samanliknbare med NIFUs ferske rapport.

8 prosent svarte at dei ofte har økonomiske problem.

18 prosent svarte at dei av og til har problem med å klare laupande utgifter.

44 prosent svarte at dei ikkje hadde klart ei uførutsett rekning på 5000 kroner. 

Kilde: Studentenes levekår, SSB 2005.

 Studentbudsjett i 2011: 

– Etter alle faste utgifter i ein månad sit heiltidsstudenten at med 500 kroner.

– Deltidsstudenten sit at med 3100 kroner.

Studentane inntil 22 år kjem dårligast ut og sitter igjen med 430 kroner per månad.

Dei fleste gruppene har eit lite overskot, som kan brukast til andre formål enn naudsynte gode.

Studentar som bur med foreldre og einslige med barn er dei gruppene som ifylgje rapporten har den romsligaste økonomien.

Utgiftene som er take med i undersøkinga er: Bukostnadar, dagligvare, men ikkje tobakk, reisekostnadar, helsekostnadar, telefon/ internett og barneomsorg.

Kilde: Eurostudent IV, NIFU 2011.