– Mange unge møter ei stengt dør når dei treng oss

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skulehelsetenesta er svak

Bergens Tidende skriv om helsetilbodet i grunnskulen i Hordaland.

Med stadig fleire oppgåver som skal gjerast kvar dag, utan eit løft i midlane, er resultatet nedslåande for skulehelsetenesta, som skal vera tilgjengeleg for alle.

– Mange helsesøstrer har kjensla av å ikkje strekka til, seier helsesøster Agnes Giertsen til Bergens Tidende. Ho er leiar for Helsestasjon for ungdom i Bergen, og har ofte opplevd at tida ikkje strekk til, og at unge må møta ei stengd dør.

– Mange unge møter ei stengd dør når dei treng oss, legg Giertsen til.

Ofte er det oppfølginga av einskildelevar som må lida under dei manglande ressursane. Det kjem fram i ei undersøking gjort av Fylkesmannen i Hordaland, som gjorde ei liknande undersøking i 2007.

– Som i 2007 viser svara at skulehelsetenesta ikkje rekk over alle oppgåvene. Det gjeld mellom anna tilbod om open dør i eit slikt omfang som elevane etterspør dette, individuelle konsultasjonar i åttande klasse, målretta oppfølging av einskildelevar, gruppesamtalar, deltaking i helsefremjande tiltak og samarbeid med skulane, skriv Fylkesmannen i rapporten.

LES OGSÅ: Ønskjer satsing på skulehelsetenesta

Det er ikkje berre i Hordaland mange ønskjer eit løft for skulehelsetenesta. Mellom anna har Kristoffer Hansen, leiar i Elevorganisasjonen, ønska seg fleire ressurspersonar i skulen over heile landet.

– Ein ting er lærarar fordelt på elevar, men det handlar òg om å få andre yrkesgrupper inn i skulen til å ta vare på eleven. Fleire helsesøstrer, skulepsykologar som eit lågterskeltilbod, slik at alle skal ha det bra, sa Hansen til Framtida.no under ei markering arrangert av Røde Kors Ungdom tidlegare i år.

Det kan sjå ut til at eit løft er i emning. I vår vedtok Helsedirektoratet å laga ei nasjonal retningslinje  for skulehelsetenesta, som vil binda fleire kommunar til eit større løft.

– For første gong blir det no laga ei nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjon og skulehelseteneste. Alle kommunar har plikt til å ha eit fagleg forsvarleg tilbod om helsestasjons- og skulehelseteneste. Helsedirektoratet har no tilrådd ei styrking av desse tenestene ved å gjera grava til innhald meir tydelege i lov, forskrift og retningslinje, sa avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Rolf Windspoll.

Men problema er ikkje løyst. Bergens Tidende skriv at det kom store overføringar frå regjeringa for å styrka skulehelsetenesta både i år og i fjor, men at det har skjedd lite sidan den gong.

LES OGSÅ: Skulehelsetenesta skal løftast