Er einsemd like skadeleg som røyking?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tine A. Sydtskow omtalar seg sjølv som eit «institusjonsbarn» – gjennom oppveksten hadde ho så store problem at ho falt ut frå skulen gradvis, og dei gongene ho møtte opp kunne ho sitta på toalettet og gøyma seg i fleire timar i strekk.

No er ho representant for Arbeidsinstituttet i Buskerud (AiB), som blir sponsa av Kronprinsparets Fond.Ho håpar ho kan inspirera andre til å snu rundt på livet.

LES OGSÅ: Unge lagar jul for einsame

– For meg er det både merkeleg og fint at det har blitt snudd «over natta». Etter fleire år som «institusjonsbarn» er livet no veldig fint, skriv Tine A. Sydtskow i blogginnlegget for AiB.

– Einsemd er eit stort problem blant barn og unge, så eg håpar eg kan vera med på å inspirera andre gjennom historia mi, seier ho.

Angst og psykiske problem prega livet til Tine frå ho var 14 år og vart lagt inn på ungdomspsykiatrisk akuttavdeling. Der var ho i fleire månader, før langtidspsykiatrisk oppfølging tok over i ein lengre periode.

Etter det vart ho flytta til eit nytt barnevernstilbod, no i eit gardsmiljø med dyr og skuletilbod.

– Eg trivst betre der, for eg har alltid likt dyr. Eg fekk mykje anna å tenka på. Eg byrja til og med på skulen igjen, på normal vidaregåande skule. Det gjekk fint i starten, me var få i klassen, og eg var veldig motivert, men så vart det vanskeleg. Eg hadde gått glipp av så mykje fagleg og sleit framleis med personlege problem, og eg var mykje inn og ut av psykiatrien for å følgjast opp. Det enda med at eg skulka timar. Eg kunne sitja på doen i fleire timar i strekk, elles var eg berre heime, fortel Tine A. Sydtskow.

LES OGSÅ: Einsame elevar droppar ut

At barn og unge er einsame og ikkje passar inn i miljøet sitt, gjer store utslag for fråfallstala i vidaregåande skule. Så mykje som ein av tre elevar droppar ut av vidaregåande opplæring. Kor mykje av dette som blir påverka av einsemd og psykiske problem er uvisst, men ifølgje ein ny studie frå NTNU er det ein del.

– Dei utgjer ei vesentleg gruppe som skulen må bli meir merksame på, seier professor Per Frostad ved Pedagogisk institutt på NTNU i Trondheim. Han står bak studien saman med førsteamanuensis Per Egil Mjaavatn.

Dei rådar skulane til å arbeida meir med gode relasjonar i elevgruppa, og mellom lærar og elev.

LES OGSÅ: – Eg er evig takksam for veggen som traff meg midt i trynet

For Tine A. Sydtskow var det Arbeidsinstituttet i Buskerud (AiB) som vart løysinga.

– Eg som hadde vore inn og ut av barne- og ungdomspsykiatrien kvar tredje dag – plutseleg var eg på skulen, trivdes og klarde å vera til stades. Eg skjønte plutseleg at ting var mogleg, fortel Tine, som gir skryt til AiB.

Saman med Jon Nordstrøm, ein annan av ungdommane ved AiB, har ho også gitt ut musikk om den tunge tida, under artistnamnet Tine&Jon.

Du kan høyra musikken på Spotifyog Wimp.

LES OGSÅ: Snus – godt for folkehelsa?

Einsemd blant unge er eit gjennomgåande viktig tema – og i førre veke gjekk helseminister Bent Høie (H) ut og kalla einsemda mange kjenner på eit problem for folkehelsa.

– Å vera einsam er like helseskadeleg som å røyka. Einsemd er ein viktig årsak til tapt livskvalitet og for tidleg død. Me er nøydd til å ta dette på alvor, sa Høie til VG.

Det sa han i samband med at regjeringa la fram Folkehelsemeldinga nokre dagar før.Der var hovudintensjonen å førebygga einsemd.

«Dei forbanna unge»
Å kalla einsemd for eit problem for folkehelsa har skapt reaksjonar i etterkant. Journalist og forfattar Kjetil Østli, skreiv mellom anna – med skråblikk – at ungdommen burde kutta ut klaginga.

Det får han støtte i frå Kristin Nesse Thue (19) som skriv til Si;D at me er på randen av hysteri når det gjeld psykisk helse.

– Det blir stadig publisert artiklar med feite typar som kunngjer «nyhende» som «1/3 føler seg einsame» og «Halvparten av alle unge er stressa på skulen». Unnskyld meg, men dette kan umogleg vera moderne fenomen, skriv ho.

– Å anerkjenna tomheita i seg sjølv er ein viktig del av den menneskjelege erfaringa. Ja, du er til sjuande og sist åleine, og det kan kjennast vanskeleg. Men dette er noko me må omfamna, ikkje nekta for og sjukeleggjera, skriv ho vidare.

Les heile innlegget til Kristin Nesse Thue her.