Maten i Noreg er trygg
Kvaliteten er god både på mat og drikkevatn i Noreg, viser fersk rapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– I årsrapporten til Mattilsynet for 2014 blir det slege fast at Noreg har ein god status på matryggleik og drikkevasskvalitet. Det blei registrert få tilfelle av sjukdom som følgje av matsmitte eller forureina drikkevatn, seier direktør Ole Fjetland i Mattilsynet.
LES OGSÅ: Noreg på antibiotika-toppen
Han seier at Noreg har god plante- og dyrehelse og at vi har få smittestoff i næringsmiddel og husdyr samanlikna med mange andre europeiske land.
Funn av antibiotikaresistente bakteriar i kylling og framandstoff i mat var det som skapte størst merksemd i fjor. Spesielt blei det mykje debatt og uro etter funnet av kinolonresistente E. coli bakteriar i kyllingfiletar.
Mattilsynet strekar likevel under at resistenssituasjonen i Noreg er bra samanlikna med andre land og at god hand- og kjøkkenhygiene er viktig for å unngå smitte.
Ei oppdatert vurdering frå Vitskapskapskomiteen konkluderer elles med at det er trygt å eta fisk.
Norskprodusert frukt og grønt får også gode tilbakemeldingar. Det same gjer drikkevatnet her i landet. Over 90 prosent av befolkninga har tilgang på godt drikkevatn, skriv Mattilsynet. (©NPK)
LES OGSÅ: Norsk mat – billeg, sikker og usunn