Norsk mat – billeg, sikker og usunn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tek ein omsyn til norsk lønnsnivå har vi også billeg mat, men samstundes svært usunn mat, går det fram av ein rapport frå Economist Intelligence Unit (EIU) omtalt i Dagbladet.

Nordmenn brukar ein mindre del av inntekta til kjøp av mat enn borgarane i dei fleste andre land i verda, men hamnar heilt nede på 14. plass når det handlar om næringsrik og sunn mat. Delen av sporstoff i mat er livsviktig, men utgjer ein altfor liten del av matinntaket til nordmenn, går det fram av rapporten.

Sentrale deler av rapporten handlar om ekstreme prisaukingar på mat i mange delar av verda, noko som har sendt millionar av menneske ut i fattigdom og underernæring. Samstundes har fedme vorte ein folkesjukdom over store delar av den vestlege verda.

I USA aleine reknar ein med at det vil vere 103 millionar overvektige i 2018. Det daglege inntaket av mat i landet inneheld gjennomsnittleg 3748 kaloriar. Berre i Australia et folk meir kaloririk mat, der ligg gjennomsnittet på 3819 for vaksne (©NPK)