Noreg på antibiotika-toppen

Noreg er blant dei landa i Europa som bruker mest antibiotika til menneske, og forbruket aukar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg på antibiotika-topp

Overlege Dag Berild ved Oslo universitetssjukehus seier til Nationen at forbruket av antibiotika til menneske er urovekkjande høgt her i landet. Han er særleg uroa over at forbruket framleis aukar.

– For 30 år sidan brukte me mindre antibiotika til menneske enn Sverige. No har svenskane gått forbi oss, etter å ha jobba systematisk for å få ned forbruket. Problemet har blitt for stort til at legane kan takla det. Me må ha ei kraftig satsing og få eit politisk styrt prosjekt, seier Berild til Nationen.

Det er tre EU-byrå for sjukdomskontroll, medisinbruk og mattryggleik som for første gong har laga ein felles rapport om forbruket av antibiotika og risikoen for resistens.

LES OGSÅ: Bakteriane vinn til slutt

Dei har undersøkt 26 land i Europa, og av desse har Noreg det sjuande høgaste totalforbruket av antibiotika til menneske målt ut frå folkemengda. Samtidig bruker me desidert minst antibiotika til dyr.

Folkehelseinstituttet avviser at Noreg er blant verstingane på bruk av antibiotika til menneske. Divisjonsdirektør John-Arne Røttingen forklarer plasseringa i det øvste sjiktet i Europa med at ein større del av bruken her i landet er knytt til gunstige antibiotika-typar.

– Me bruker meir smalspektra antibiotika som penicillin i Noreg enn i mange andre land. Det er gunstig for å redusera resistensutviklinga, men det gjer at mengda blir større på slike oversikter, seier han. (©NPK)

LES OGSÅ: Forsvaret mot bakteriane raknar