– Er miljøet godt vil fleire møta opp, og me hindrar fråfall i skulen, seier den nyvalde leiaren for Ungdomspolitisk Utval (UPU) i Sogn og Fjordane. Fylkesordføraren kan ikkje lova noko.

I Sogn og Fjordane har ungdommen eit eige fylkesting (FFU), og alle vidaregåande skular ein miljøkoordinator som sikrar at alle trivst og får ned fråfallet.

Når fylkeskommunen skal spara 250 millionar kroner er Fylkestinget for ungdom ein av dei få postane som har blitt freda – no skal den nye leiinga i ungdomspolitikken gjera alt for å redda miljøkoordinatorane.

Då eit nytt Ungdomspolitisk utval (UPU) vart vald for fjordfylket førre helg, var nettopp miljøkoordinatorane den mest omdiskuterte saka. Det fortel den nyvalde leiaren av UPU, Sofie Sundberg.

LES OGSÅ: – Eg kan ikkje få til absolutt alt

Knallhard sparing
– Ungdommane er veldig interesserte i å bevara den stillinga, fortel Sundberg om miljøkoordinatorane.

– For å få ein god skule treng du eit godt sosialt miljø, og me kjem til å jobba mykje for å halda på miljøkoordinatorane. Dei jobbar for eit godt psykososialt miljø, og tek vare på hybelbuarane eller dei som har hamna utanfor, legg ho til.

Ho torer ikkje å vera veldig optimistisk for framtida. Når fylkeskommunen skal spara inn 250 millionar kroner, er ingenting trygt. I innsparingsprosessar kan ofte ønska til ungdom hamna i bakleksa.

– Det blir spanande med dei nye innsparingskrava for fylkeskommunen. Me ungdommar har mykje å seia på tilboda innan samferdsel og kultur i fylket, og opplæringa på vidaregåande skule. Me får sjå kva kutt som kjem, seier den nyvalde leiaren.

Argumenta for å bevara miljøkoordinatorane er likevel kraftige, meiner Sundberg.

– Me kjem til å gå hardt ut og visa at miljøkoordinatorane er viktige for å skapa ein god skule me vil gå på. Er miljøet godt vil fleire møta opp, og me hindrar fråfall i skulen. Det er så gode argument at politikarane må lytta og freda stillingane.

KjelsnesFTUUPU

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) var på Fylkesting for Ungdom sist helg. FFU er ein av få postar ho har freda i innsparingsprosessen fylkeskommunen står framfor. Foto: Ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane

LES OGSÅ: Fylket som forundrar forskarane

Lite kan lovast
Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Åshild Kjelsnes (Ap), er no midt i den tunge prosessen med å finna ut kva som kan kuttast og kva som kan vera igjen. Ho fortel at fylkeskommunen no ser veldig breitt – nesten ingenting er freda, utanom Fylkestinet for ungdom og Ungdommens kulturmønstring (UKM).

Den avgjersla skildrar Kjelsnes som eineståande – og understrekar at ungdommene sine tankar er noko det ordinære Fylkestinget tek på alvor. Derfor ser også dei nærare på framtida til miljøkoordinatorane.

– Me kan ikkje lova i dag at dei blir freda, men det er klart at me har der i tankane. Det er ikkje ei lovpålagt oppgåve, som det er fort gjort å ribba før ein ser på andre måtar å spara på. Men eg har inntrykk av at Fylkestinget føler på ansvaret for å halda på kvaliteten i skulane også under økonomisk press, seier Kjelsnes.

Sogn og Fjordane er eit fylke som ofte skil seg ut – også når det kjem til gode resultat og lite fråfall i skulen.

– Det er klart me er stolte av å vera eit av fylka med best skuleresultat på fleire nivå. Det er eit stort ansvar for oss å ikkje manøvrera på ein måte som gjer at dei resultata fell, legg ho til. Ho trekk fram miljøkoordinatorane som ein av faktorane som gjer at elevane trivst og gjer det godt på skulen.

LES OGSÅ: Slik unngår denne skulen fråfall

Kombinera roller
Den nyvalde leiaren i UPU i Sogn og Fjordane, Sofie Sundberg, har meir å jobba for innan politikken. Mellom anna trekk ho fram psykisk helse, kulturtilbod og samferdsel som viktige saker.

Sundberg kjem frå Sogndal, og er allereie erfaren innan politikken, trass ung alder. Sidan åttandeklasse har ho delteke på eit eller anna nivå – og dei tre siste åra har ho vore leiar i Sogndal Ungdomsråd.

– Eg byrja vel som dei fleste andre, med å ikkje ana kva eg gjekk inn i. Eg var på eit elevrådsmøte i åttandeklasse, då dei ville ha representantar til Ungdomsrådet. Etter å blitt valt inn der har eg hatt det utruleg kjekt og lært mykje. Som leiar fekk eg meir erfaring, og no er eg på jakt etter eit enno høgare nivå og meir lærdom i Fylkestinget.

No held ho ikkje fram som leiar i Sogndal Ungdomsråd, men vil halda fram som medlem.

– Eg trur det kan kombinerast. Me skal jobba for ungdommane sin interesser både lokalt og på fylkesnivå, då er det viktig å ha ein fot plassert også lokalt. Men eg vil nok ikkje vera like frampå i det lokale miljøet som før.

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå på yrkesfag

Der ungdom betyr noko
Sogn og Fjordane er eit godt miljø for ungdomspolitikarar, meiner Sundberg. Der blir dei tatt på alvor.

– Eg meiner absolutt at me har gjennomslagskraft og at me blir lytta til. Me får det ikkje alltid som me vil, men me blir høyrt. Me fekk beskjed i helga om at me tenkjer likt med politikarane ganske ofte, men at det blir vanskeleg med dei 250 millionane som skal kuttast.  Men det er viktig for politikarane kva me tenkjer – det er trass alt me som skal flytta heim igjen om nokre år.

Det kan fylkesordførar Åshild Kjelsnes skiva under på.

– Ja, med utropsteikn, er svaret når Kjelsnes får spørsmålet om ho tek ungdom på alvor.

– Både som fylkesordførar og tidlegare som fylkestingsmedlem har eg alltid tykt det var inspirerande å delta på FFU. Eg tykkjer ungdommane er utruleg reflekterte og nyanserte. Dei er opptekne av eit breitt politisk felt – ikkje berre typiske ungdomssaker, men også transport, folkehelse, eldrepolitikk – heile fjøla. Dei tenkjer ikkje alltid over sjølv at det er politikk, dei er berre opptekne av samfunnsspørsmål. Det gir håp, seier ein entusiastisk fylkesordførar.

Ho trekk også fram eit sentralt punkt der den unge versjonen av Fylkestinget skil seg frå den ordinære.

– Dei er så ryddige og disiplinerte. Deira fylkesting er faktisk hakket meir formelt enn kva vårt er – dei har tale- og debatt-teknikk, dei ber om ordet og stemmer på saker på ein ordentleg måte. Ingen pratar i munnen på kvarandre, og dei er høflege. Slik er det ikkje alltid hos oss, seier Kjelsnes spøkefullt.

LES OGSÅ: Mysteriet i vest

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE