Vil ha røykfrie leikeplassar

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vikebladet. 

Å slutte å røyke er ikkje nødvendigvis det ein vil kalle «a walk in the park» for alle. Men ein tur i parken treng heller ikkje bety at du treng å røyke der. I alle fall ikkje dersom det er born til stades.

– Born har faktisk ein lovbestemt rett til eit røykfritt miljø, seier folkehelsekoordinator i Ulstein, Kristine Dale.

Ho fortel at sidan lungene til dei minste ikkje er ferdig utvikla enno, vil passiv røyking lettare kunne føre til mellom anna astma og luftvegsinfeksjonar dersom dei vert utsette for tobakksrøyk.

Saman med ordførar Jan Berset slår ho no eit slag for den landsomfattande kampanjen «Røykfrie leikeplassar» i regi av LHL. Landsforeningen for hjerte- og lungesyke har fått laga nokre skilt som kan hengast opp på leikeplassar og andre stader der born ferdast. Målet med kampanjen er å få folk til å tenke seg om før dei fyrer seg opp ein røyk i nærleiken av borna.

Dei færraste, anten det no er foreldre eller besteforeldre, ville vel finne på å utsetje ungane for passiv røyking.

– Heldigvis er det stadig færre som røykjer. Utfordringa med å få folk til å slutte å røyke er ikkje så stor lenger og dei fleste som røykjer er fornuftige med omsyn til borna. Men vi har framleis eit ansvar for å gi klare signal. Skilta frå LHL er meint å vere ei påminning, supplerer Jan Berset.

Velforeiningar og grendelag som ønskjer å henge opp eit skilt på ein høveleg stad i sine nærområde, kan få utlevert desse ved å vende seg til folkehelsekoordinatoren. Ho held til i andre høgda på Ulstein rådhus.

LES OGSÅ: Høie vil gjere tobakk kjedeleg 

Få unge røykarar
I samband med UngData-undersøkinga som vart gjennomført hausten 2013 vart også tobakksvanane til elevar på ungdomsskulen og i vidaregåande skule kartlagt.

Her går det fram at berre to prosent av elevane på ungdomsskulen og fire prosent av elevane i første klasse på vidaregåande røykte kvar veke, noko som ligg godt under landsgjennomsnittet.

Snusbruken er derimot på veg oppover. Her syner undersøkinga at tre prosent av ungdomsskulelelvane og fem prosent av førsteklassingane på vidaregåande nyttar snus minst ein gong i veka. Dette er likevel mindre enn landssnittet som er på høvesvis seks og nitten prosent.