Høie vil gjere tobakk kjedeleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil gjere tobakk kjedeleg

– Tobakk er eit produkt det ikkje finst nokon fornuftige argument for å bruke. Då appellerer produsentane til kultur og identitet for å trekke til seg brukarar. Unge blir påverka. Utsjånaden på tobakksemballasjen kan vere det som får dei til å prøve tobakk for første gong, eller la vere, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie til NTB.

Regjeringa sender i slutten av februar ut høyringsforslag om standardisert og reklamefri emballasje for all tobakk som blir selt i Noreg. Tobakkspakningane skal ha mørkegrøn farge og ha lik utforming.

LES OGSÅ: Vil ha 20-årsgrense for kjøp av røyk

Snusfornuft
Forslaget vekkjer applaus hos Landsforeningen for Hjarte- og Lungesyke (LHL) og Kreftforeningen:

– Pakningane er den siste reklameflata produsentane har att og slik marknadsføringa mot unge. Vi har jobba for standardisering av pakningar i årevis. Vi har god global kontakt med fagmiljø og søsterforeiningar og kjenner godt argumenta for og imot: Vi er overbevist om at dette er noko av det viktigaste vi kan gjere for å hindre at generasjonar som veks opp begynner med tobakk og snus, seier generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeningen.

Forslaget inneber også at helseadvarslane i dag skal bli forsterka og dekkje minst 65 prosent av framsida og baksida til røykjetobakken, med tekst og bilete. Dette er i samsvar til eit EU-direktiv som trer i kraft mai 2016. På røykfri tobakk skal det vere tekstadvarslar.

LES OGSÅ: Røykelova vert strengare

Skepsis
Snusgiganten Swedish Match er ikkje nøgd med å hamne i same boks som røyketobakksprodusentar:

– Dette blir heilt feil. Det er brei semje i forskarmiljø om at snus er minimum 90 – 99 prosent mindre skadeleg enn sigarettar, sier kommunikasjonsrådgiver Espen Kjendlie.

Kjendlie meiner forslaget manglar logisk grunnlag:

– Helseministeren seier det ikkje er liknande planar for alkohol. Alkohol øydelegg tusenvis av familiar og liv gjennom eit år. Snus øydelegg ingen familiar.

Røyketobakksprodusenten Philip Morris tar på sine nettsider avstand frå tiltak som nøytral emballasje, som dei meiner er ei regulering som hindrar vaksne i å kjøpe og bruke tobakksprodukt.

Høie imøtegår kritikken og seier forslaget skal førebyggje at unge blir rekruttert til tobakksbruk:

– Det vil ikkje medføre meir byråkrati og heller ikkje avgrense valfridomen til forbrukaren. Dette er derfor eit forslag som heng tett saman med ideologien til denne regjeringa.

LES OGSÅ: Fleire unge røykjer og snusar

Lunkent Frp
Høie og Høgres regjeringspartnar sende måndag ut ei pressemelding der dei presiserer at dette ikkje er eit forslag Frp står bak:

– Frps stortingsgruppe har ikkje tatt stilling til forslaget. Det vil vi gjere på eit seinare tidspunkt. Frp er opptatt av å gjere røykjeslutt enklare, ikkje av å gjere kvardagen for røykjarane vanskelegare, seier helsepolitikar Morten Wold.

Han forventar at e-sigarettar blir tilgjengelege i Noreg, som hjelpemiddel for dei som vil stumpe røyken. Høie stadfester at eit slikt forslag no blir vurdert.

Torstein Schroeder, direktør i Virke KBS, meiner høyringsforslaget er bra for folkehelsa, men meiner det må bli kombinert med tiltak mot tobakkssmugling:

– Smuglarvarer kan vere meir skadelege og i tillegg taper staten inntekter på avgifter, som kunne vore brukt i kampen mot kreft, seier Schroeder. (©NPK)

Faktaboks

Fakta om røyk og snus blant unge

• Røyking blant unge har gått jamt nedover det siste tiåret, men talet på unge snusbrukarar aukar sterkt

• Fem prosent i aldersgruppa 16– 24 år røykjer. Ein av tre unge menn, og nesten kvar fjerde unge kvinne, snusar.

• Den sterke auken i snusbruk kom då industrien utvikla produkt med appell til unge; snusboksar med ny design, nye fargar og smakstilsetningar som vanilje, mentol og lakris.

• Standardiserte tobakkspakninger blei innført i Australia i 2012 og skal bli innført i England, Irland og på New Zealand. Finland og Frankrike vurderer det.

• Røyking er hovudårsaka til lungekreft, den kreftforma flest døyr av i Noreg.

• Snus kan føre til kreft, diabetes 2 og høgre dødstal etter fleire sjukdommar. Snusing under graviditet aukar risikoen for prematur fødsel og dødfødsel.

(Kilde: Helse- og omsorgsdepartementet og Kreftforeningen) (NPK)