No me skriver norsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Under Dusken, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

Romanen «Alle utlendinger har lukka gardiner» skrive av tjue år gamle Maria Navarro Skaranger, har fått mykje merksems i vår. Skaranger har brukt ungdomsspråket frå heimstaden Romsås i Oslo i portrettet av ungdomsskuleeleven Mariana. Dette gjer romanen til den første på sokalla «kebabnorsk».

Kebabnorsk er eit populært ord for det ekspertane kallar ein multietnolekt. Multietnolektar blir skapt i møtet mellom ulike språk, og i dette tilfellet er det snakk om ei blanding av norsk og ulike innvandrar-språk. Maria Navarro Skaranger sin roman har skapt stor interesse, spesielt frå fagfolk.

Olaf Husby, førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, forklarar interessa rundt språket i boka med at det gir forskarane høve til å observera radikale endringar som har vore i språket over kort tid. Skaranger sin roman er ei skriftleg normering av eit nytt munnleg språk.

LES OGSÅ: Slik «skriv» du sognemål

Kebabnorsk ordbok
Mange knyter nok først kebabnorsk til slanguttrykk som «schpaa» og «kææbe». Uttrykk som desse  er ikkje spesielt godt representerte i «Alle utlendinger har lukka gardinger», utover nokre gjengangarar, som «bæda», «tæsja» og «la». Andreas Østby, noverande redaktør i Pax forlag, samla saman kebabnorske ord og uttrykk og ga dei ut som ordbok i 2005. Det var i arbeidet med den svenske romanen «Et øye rødt», skrive av Jonas Hassen Khemiri, at behovet for ei språksamling melde seg. Romanen er skriven på sokalla «rinkebysvensk», den svenske versjonen av kebabnorsk. For å overføra romanen si stemme frå svensk til norsk måtte Østby leita etter norske ord og uttrykk som spegla dei svenske. Etter arbeidet med omsetjinga hadde han nok materiale til å fylla ei ordbok.

– Det fanst lite forsking på området den gong, utanom ei hovudoppgåve. Eg tok utgangspunkt i ei ordliste frå den, og intervjua 80 ungdommar om språket dei brukte. Eg lagde skjema der dei kunne omsetja ulike ord eg trengde til eit norsk alternativ og fekk dei til å forklara bruken. Dessutan sa dei det dei visste om opphavet til orda. Arabisk synte seg å ha ein opphøgd status og var eit språk fleire ønska å meistra.

Ikkje alle ville snakka om kebabnorsk, og spesielt jenter kvidde seg. Østby trur det kan ha noko å gjera med kva ord som fanst i vokabularen.

– I hovudsak dekka uttrykka tabu som narkotika og sex. Til dømes var det veldig mange uttrykk for «hasj» og «homse». Slangen fylte ikkje noko tomrom i språket, men ga heller ein variasjon over tema ein også har uttrykk for på norsk.

Østby fokuserte på ordnivå framfor setningsnivå. Det han likevel fann ved setningsoppbygginga, var at brota med syntaks heller skuldast ungdommane sin innvandrarbakgrunn enn eit forsøk på å skapa eit annleis språk. Han såg dessutan at dei retta på kvarandre når det vart gjort språklege feil, noko Østby tok som eit teikn på at syntaktiske brot ikkje vart gjort bevisst.

– Hovudskilnaden på rinkebysvensk og kebabnorsk den gong, var at rinkebysvensk var eit meir fullverdig språk. Syntaksen skilte seg klart å anna svensk. Det var likevel dei same tinga som fekk eigne slanguttrykk.

Husby meiner det er mogleg at kebabnorsk har forandra mykje sidan Østby skreiv ordboka i 2005.

– I dag er i alle fall språket prega av meir enn eit større vokabular som er påverka av innvandrar-språk. Syntaks og morfologi som avviker frå norsk er også ein del av kebabnorsk i dag.

LES OGSÅ: I belgisk asyl

Eit trugsmål mot skriftsspråka?
Mange fryktar at kebabnorsk og anna dialektbruk i skriftleg form skal bryta ned det norske språket og gi oss eit enklare og mindre presist språk. Husby forklarar at nye impulsar er eit trugsmål mot språket.

– Språk blir endra, og ytre impulsar vil slik vera eit trugsmål mot eit språk. For at endringane skal bli permanente må dei bli akseptert, brukt av fleire og tatt med vidare til nye generasjonar. Språk som kebabnorsk kan påverka «svake» punkt i norsken, spesielt dei delane som ikkje har ein tydeleg funksjon språkleg funksjon.

Husby kjem med døme på slike «svake sider» ved språket som kan bli påverka av ytre impulsar.

– Trekjønnssystemet kan fort reduserast til eit tokjønssystem, og sterke verb kan gå over til å bli svake. I bestemt form har me fleire markørar på norsk, og éin av desse kan ramla vekk slik at systemet blir enklare. Skaranger skriv til «Det var sykeste slåsskampen» der ein ville brukt «Det var den sykeste slåsskampen» i normert norsk.  Inversjon er også eit «svakt» punkt i det norske språket: Skilnaden på «No me snakkar norsk» og «Me snakkar norsk no» er at «no» er flytta fram i setninga. Den første setninga er syntaktisk feil ifølgje den norske språknorma, men fullt forståeleg. Denne strukturen kan brukast i kebabnorsk, og me ser den i Skaranger sin roman.

Husby meiner likevel ikkje at kebabnorsken er mindre presis enn anna norsk.

– Kebabnorsk tener dei funksjonane det skal i den gruppa det blir brukt. Språket verkar som ein identitetsmarkør, og kan fungera både som eit signal om tilhøyrigheit til og avgrensing av miljøet. Grammatikken i språket har mykje til felles med norsk, men også nokre særtrekk som for så vidt er normale i språk, og slik sett er det eit fullverdig språk. Men det har neppe funne sin endelege form.

Meistrar ulike roller med språket
Forfattar Øyvind Rimbereid skriv skjønnlitteratur på det som tradisjonelt er munnleg språk. Mellom anna diktsamlinga Orgelsjøen er skriven på stavangerdialekt, som han seier ligg mellom bokmål og nynorsk. Dialekten har med geografisk og sosial identitet å gjera.

– Eg har valt dialekt når eg tematiserer lokale stader. Språket er eit repertoar, og nynorsk, bokmål og dialekt er likestilt. Ulike skriftspråk gir ulike moglegheiter, og på bokmål opplever eg eit anna stilleie. Dialekt er meir elastisk enn bokmål, og passar betre for lyrikk på grunn av musikaliteten i det munnlege. Medan skriftspråket er laga for auget, er dialekten noko ein høyrer.

Overgangen frå munnleg til skriftleg språk er ifølgje Rimbereid eit stort arbeid.

– Du kan ikkje skriva reint fonetisk, og må derfor gjera mange val. Lesarar som ikkje kjenner dialekten må også kunne forstå det du skriv. Om dei opplever det som lokallitteratur, kan det oppstå ei barriere.

Språket deler trekk med måten innvandrarar som lærer norsk snakkar på, men Husby meiner ungdommane som brukar kebabnorsk har god språkkompetanse og brukar trekka bevisst.

– Dei fleste, truleg alle brukarane, er bidialektale. Det betyr at dei meistrar to ulike formar av det norske språket. Ungdommane vekslar mellom to register etter kven dei snakkar med: Kebabnorsk er eit språk som ungdommane brukar seg imellom, medan «vanleg» syntaktisk korrekt norsk som også inkluderer dialektar, blir brukt i andre samanhengar.

At ungdommane vekslar mellom talemåtar er ikkje uvanleg, seier Husby.

– Den fleirspråklege kompetansen som desse ungdommane viser, er eit heilt vanleg fenomen. Å veksla mellom ulike måtar å formulesa seg og uttrykka seg på er ein del av det å vera eit sosialt menneskje, forklarar Husby.

TEST DEG SJØLV: Kan du svalla halling?