I belgisk asyl

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Ein møter folk som er heilt åleine, utan familie og som ikkje veit om dei får bli i landet eller ikkje. Bortskjemte meg kan sitte to timar på fly og vere heime i Oslo.

Habon Beegsi (19) frå Oslo har brunne for frivillig arbeid lenge. I august reiste ho til Belgia for å vere volontør. Der arbeider ho på landets største asylmottak.

Tør ikkje banne
I Brussel får Habon prøvd seg for ein fransktalande belgisk ungdomsorganisasjon, «Jeunes Actifs dans le Volontariat et les Voyages Alternatifs» (JAVVA). Organisasjonen arbeider for å fremje frivillig arbeid, interkulturell dialog og utveksling. Habon arbeider tett på dei frivillige i organisasjonen, planlegg temakveldar og arrangement, representerer organisasjonen på ulike festivalar og gjer sekretærarbeid.

LES OGSÅ: Du er ikkje åleine

JAVVA arbeider i tillegg med aktivitetar på asylmottak. Her får Habon satt si brennande interesse for asylpolitikk ut i live to dagar i veka.

– Eg arbeider med borna og kvinnene på mottaket. Der har eg det ganske morosamt. Som ei jente frå Oslo-øst har eg vakse opp med venner av ulik bakgrunn og det gjer at eg kan ein del banneord og andre frasar på urdu, arabisk og albansk. Heime snakker vi dessutan alltid somalisk, sidan begge foreldra mine er frå Somalia. Borna på asylmottaket tør i alle fall ikkje banne framføre meg. Kebabnorsk er tydelegvis ikkje heilt ubrukeleg, skriv Habon i epost frå Brussel.

Å jobbe på asylmottak set heimlengten i perspektiv, meiner 19-åringen.

– Kvar dag er forskjellig og eg har lært utruleg mykje. Det er veldig spanande og eg er veldig takknemleg for å ha fått denne moglegheita, seier volontøren.
I tillegg tek Habon fransktimar for å lære seg språket flytande.

Ikkje for langt vekk
– Eg har vel ein over gjennomsnittet stor interesse for frivillig arbeid og synest det er gjevande og spanande å vere aktiv i organisasjonar, fortel Habon.

Dei siste to åra har ho vore aktiv i Røde Kors Ungdom, både i distriktsrådet i Oslo og i den nasjonale valkomiteen. Spesielt har ho engasjert seg i migrasjonsspørsmål.

LES OGSÅ:Vil sende deg langt vekk

– Eigentleg vart eg engasjert ved reint tilfelle og så har eg blitt stadig meir aktiv, fortel ho.

Utanom verva i Røde Kors Ungdom, har 19-åringen blogga for FN-sambandets ungdomspanel og vore med i eit sommarprogram med Europeisk ungdom i USA.

Siste året på vidaregåande bestemte Habon seg for at det var på tide å bli frivillig på heiltid. Ho oppdaga European Voluntary Service-tilbodet (EVS) og tok fatt på søknadsprosessen.

EVS er Europakommisjonen sitt prosjekt for unge mellom 18 og 30 år som vil arbeide som volontør i eit anna land. Til skilnad frå ein del andre tilbod, krev EVS ein ganske stor eigeninnsats frå deltakarane. Dei må sjølv finne ein sendarorganisasjon og saman med denne leite etter ein vert i landet ho vil reise til. Deretter kan ein søke støtte til prosjektet frå EVS.

Her kan du lese meir om prosjektet!

– For å vere ærleg var det ein ganske lang og demotiverande prosess. Eg forsøkte i lang tid å finne ein sendarorganisasjon i Oslo og brukte mykje tid på å kontakte og søke på ulike prosjekt i Frankrike og Belgia. Ingen svarde på søknadane eg sendte, men heldigvis hadde eg fått god kontakt med ein person i ein belgisk ungdomsorganisasjon. Etter at organisasjonen først hadde trekt alle stillingane, gav dei meg likevel ei volontørstilling, med same vilkår som for ein EVS-volontør.

Dermed får Habon dekka husleige, transport, språkundervisning og lommepengar.

– Folk rundt meg hadde vel venta at eg skulle gjere eit forsøk på å «redda verda» ved å reise til eit utviklingsland. Men eg hadde ikkje lyst å reise for langt vekk heimanfrå. I tillegg hadde eg eit sterkt ynskje om å lære fransk flytande og få meir organisasjonserfaring, fortel ho.

No bloggar ho om livet i Brussel, der ho skal vere til desember.

Å byrje på nytt
Som volontør i Brussel får Habon lære meir om korleis ungdomsorganisasjonar arbeider, bidra med si erfaring som frivillig, og lære meir om belgisk og europeisk asylpolitikk og tilværet for asylsøkarar.

– I byrjinga var det utfordrande å starte på nytt ein ny stad, og bli kjent med byen, organisasjonen og ikkje minst språket. Det tok fem-seks veker før eg kjende meg komfortabel i rolla som volontør, klarde å gjere meg litt betre forstått på fransk og ikkje minst bli vener med alle dei hyggelege menneska som har vore så utruleg imøtekommande, fortel Habon.

Ho rådar gjerne andre til å gjere det same.

– Om du er lærevillig, ynskjer å lære eit språk eller om eit tema, og vil arbeide frivillig, så gjer det!

Ho trur det er sunt å presse seg sjølv utanfor si eiga komfortsone.

– Det er verkeleg synd at ikkje fleire nordmenn bruker EVS-tilbodet. Det er ein fantastisk måte å bli kjent med ein annan kultur, bu utanlands og lære språk. Og tenk – alt dette er gratis. Det er ein gyllen moglegheit til å få verdifull erfaring, som eg er sikker på vil kome godt med seinare i livet!

Her kan du lese meir om studiar og jobb i utlandet!